Endra opningstider for biblioteket i Stordal
Biblioteket i Stordal får litt endra opningstider frå 7. oktober. Endringa blir gjort for å gjere biblioteket meir tilgjengeleg for barn og unge i skuletida.
Opningstider for Stordal bibliotek
Måndag klokka 17-19
Onsdag klokka 10.30-18
Endringa blir gjort for å gjere biblioteket meir tilgjengeleg for barn og unge i skuletida. Med utvida opningstid på onsdagar ønskjer vi å legge betre til rette for besøk frå skulen, leseglede, læring og bruk av biblioteket sine tilbod gjennom dagen.
Vi håper den nye ordninga vil gjere det enklare for både elevar, familiar og andre innbyggarar å nytte biblioteket.
Dei nye tidene gjeld frå onsdag 7. oktober 2026

Publisert 09.10.2026 11.44
Sist endra 09.10.2026 12.01