Eiendomsregisteret er det nasjonale registeret over norske eigedomar. Her finn du opplysningar om grenser, bygningar, adresser og eigartilhøve. Les meir om Eiendomsregisteret på Kartverket sine heimesider.
Kvifor kan eigenregistrering vere viktig?
Opplysningane frå Eigedomsregisteret vert brukt dagleg av privatpersonar, næringsliv og av det offentlege. Kommunen er lokal matrikkelmyndigheit og registrerer opplysningar i matrikkelen som Eiendomsregisteret henter informasjon frå. Desse opplysningane kan vere gamle og unøyaktige etter ulik handsaming opp gjennom tida.
Eigenregistrering bidreg til at opplysningane om din eigedom kan verte meir korrekte. Dette vil skape eit betre grunnlag for brukarane av Eiendomsregisteret i si handsaming av saker knytt til eigedomen din. Dette kan vere vilkår på lån, forsikring, skatt og avgifter. Det blir også eit betre avgjerdsgrunnlag for naudetatane, planleggjarar og andre.
Dette kan du registrere
I første omgong er det byggjeår, vatn, avløp, energi, oppvarming og bruksareal du kan registrere. Opplysningane du registrerer vil ikkje overskrive offentleg registrerte opplysningar på eigedomen, men vise som eit tillegg. Du kan endre opplysningane så mange gonger du vil. Det blir opp til brukarane av Eiendomsregisteret å velje om dei vil nytte seg av dei eigenregistrerte opplysningane.
Grunnlaget for kommunale avgifter og sakshandsaming vil framleis vere opplysningar registrert av det offentlege, men det kan verte aktuelt å nytte seg av eigenregistrerte data etter kvart som Eiendomsregisteret blir utvikla.
Slik går du fram
1. Gå til Eiendomsregisteret via Kartverket sine side
2. Logg inn med ID-porten og sjekk opplysningane som er registrert frå før
3. Registrer det du meiner er riktig
4. Oppdatere tidlegare registrerte opplysningar om noko endrar seg
Kven kontaktar du ved spørsmål?
Ved spørsmål om innlogging eller praktisk gjennomføring kan du kontakte Kartverket. Oppdagar du feil eller manglar i offentleg registrerte opplysningar om eigedomen din, kan du rette eit krav om retting til kommunen. Les meir om feilretting her.