Eigenberedskapveka 2025 blir arrangert i veke 44, frå måndag 27. oktober til søndag 2. november. Årets tema er felles eigenberedskap og omgrepet beredskapsvenn.
DSB
Eigenberedskapsveka er eit landsomfattande, årleg arrangement som har som har som mål å gi auka bevisstheit og kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer førebuingar. Det vil gjere både oss sjølve og lokalsamfunnet betre rusta til å handtere kriser og hendingar som skulle oppstå.
Alle treng likevel ikkje å gjere alt åleine. Det kan vere lurt å samarbeide med venner, familie eller naboar om eigenberedskap.
Finn ut kven du kan hjelpe – og kven du kan få hjelp av
Samarbeid og fellesskap er viktig i kriser. Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de kan klare dykk saman. Oppdater eigenberedskapslageret ditt med ein beredskapsvenn!
Dette kan beredskapsvennar hjelpe kvarandre med:
- førstehjelp ved skader
- omsorg og støtte
- opphald og overnatting ved evakuering frå eigen bustad
- oversetting og forklaring av informasjon frå myndigheitene
- praktisk hjelp til bruk av utstyr og verktøy
- innkjøp, bering og transport
- bytte eller byttelån av utstyr og varer
- lån av mobiltelefon som er kopla til eit anna nett enn din
- felles matlaging
Dette skjer i Fjord
I Fjord markerer vi eigenberedskapsveka med Ordførar i butikk saman med lokale beredskapsressursar og representantar frå brann. Dei fleste bygdene har allereie hatt besøk, og måndag er det Tafjord som står for tur.
Ordførar i butikk saman med Anna Margrete frå Mental Helse Fjord og Oddbjørn frå Fjord og Stranda Brann- og redningvesenFakta om Eigenberedskapsveka 2025
- Ei årleg kampanjeveke med informasjon og aktivitetar som gjeld eigenberedskap
- Målet er å auke befolkninga sin kunnskap og bevissthet, slik at flere gjer konkrete førebuingar for å kunne klare seg sjølv i éi veke
- Veka er initiert av DSB, men kommunar, sivilforsvarsdistrikt og frivillige organisasjonar over heile landet gjennomfører aktivitetar og informasjonstiltak.
- Årets tema er felles eigenberedskap – beredskapsvenn.
- På DSB sine nettsider finn du mange gode tips om korleis du kan styrke din eigenberedskap
Sjå tips om eigenberedskap frå DSB
Publisert 27.10.2025 11.07
Sist endra 27.10.2025 11.08