Eig du eit spennande kulturminne?
Vi minner om at fristen for å søke midlar innan fleire av tilskotsordningane for å sette i stand og ta vare på kulturminne er 1. november.
På Møre og Romsdal fylkeskommune si heimeside finn du oversikt over både fylkeskommunale ordningar og fleire andre viktige eksterne ordningar.
Fleire tilskot til kulturmiljø i Fjord
Det er kjekt å kunne vise til at Fjord kommune i 2025 låg på andreplass av kommunane i fylket vårt når det gjaldt løyvde kulturmiljøtilskot. Det er med andre ord fleire personar og organisasjonar i vår kommune som er flinke til å søke midlar til ulike tiltak og då tydelegvis ikkje berre når det kjem til spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet. Dette bør vere til stimulanse og motivasjon også for andre.
Støtte til arbeidet med kulturmiljøplan
Det er også kjekt å vise til at våre søknadar om støtte til arbeidet med kulturmiljøplan har gitt resultat. Både Norddal kommune og Stordal kommune mottok - i si tid - kr 100.000 kvar. I tillegg har vi fått kr 100.000 til utarbeiding av felles plan for Fjord kommune. I 2025 fekk vi så tilsegn på nye kr 100.000 til vidare arbeid med planen.
Støtte til stadnamn
Det er i tillegg veldig stas å vise til at eigen søknad til Språkrådet nyleg, også gav resultat. Der har vi fått kr 125.000 til innsamling og digitalisering av stadnamn.
Meir informasjon om stadnamnprosjektet og arbeidet med kulturmiljøplanen kjem med det første, men no først altså denne oppmodinga til å søke tilskot til istandsetting og bevaring av kulturminne.
Publisert 26.10.2026 13.38
Sist endra 26.10.2026 13.42