Det er no mogleg å søke om «Drømmestipendet 2027» for kunst- og kulturutøvarar i alderen 18-25 år. Søknadsfristen er 17. november.
Kva er Drømmestipendet?
Drømmestipendet skal gi verdifull inspirasjon og påskjøning og bidra til å oppfylle draumane til ungdom som driv med kunst og kultur og som er i alderen 18-25 år. Ordninga er også med på å synleggjere kommunen sitt arbeid for unge kunst- og kulturutøvarar.
Drømmestipendet er et samarbeid mellom Norsk Tipping og Kulturskolerådet og fordelar årleg 50 stipend, kvart på kroner 30 000. Til saman 1,5 millionar kroner.
Ulike kategoriar
Drømmestipendet vert delt ut i kategoriane dans, musikk, sirkus, skapande skriving, teater, visuell kunst og open klasse.
Kven kan søke
For å kunne søke Drømmestipendet 2027, må du vere født tidlegast 1. januar 2001 og seinest 31. desember 2008. Dette gjelder også alle søkarar i ein eventuell gruppesøknad.
Søknadsfrist
Søknadskjemaet er ope frå 15. september og fram til 17. november klokka 12.
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med kulturskulerektor som er kontaktperson i Fjord kommune,
Solveig Eide Grønningsæter frå Eidsdal var ein av femti vinnarar av Drømmestipendet 2024.
Publisert 28.09.2026 12.09
Sist endra 28.09.2026 14.49