Er du usikker på kva du skal studere? Er du interessert i ein karriere innan helse, omsorg og velferd? Fjord treng deg! Velkomen til rekrutteringskveld med pizza og god prat på Nilsgardstunet i Stordal torsdag 30. januar klokka 18.
Bli med i ein helsesektor for framtida!
Helseplattformen
Innanfor helse, omsorg og velferd finst det mange ulike utdanningsvegar og karrierer, og sektoren har eit breitt spenn i arbeidsoppgåver. Arbeidsutsiktene for framtida er blant dei beste i samfunnet. Behovet for helsepersonell vil vere stort i Fjord kommune framover.
På rekrutteringskvelden vil vi snakke om kva vi har i Fjord i dag - og kva vi treng for framtida.
Alle som er interessert er velkomne – både du som arbeider innan kommunehelsetenesta no og du som vurderer det for framtida! Hugs påmelding.
Mange tilsette innan helse
Fjord kommune er arbeidsgjevar for mange ulike yrkesgrupper innan helse, noko som skaper gode fagmiljø. I takt med utvikling og endringer som skjer i samfunnet så kjem det stadig til nye og spennande fagfelt i sektoren. På møtet vil vi informere om kva som skjer innanfor ulike arbeidsområde og kva spennande moglegheiter som finst ved å velje ein karriere innanfor helsesektoren.
Desse deltek
Kommunalsjef for helse, omsorg og velferd fortel om helsesektoren i Fjord.
Personalsjefen orienterer om framtidsbilete og spennande moglegheiter.
NTNU og Sunnmøre opplæringskontor deltek med innlegg og er tilgjengeleg for spørsmål.
Tid og stad
Tid: torsdag 30. januar klokka 18-20
Stad: Nilsgardstunet i Stordal, Stordalsvegen 573
Hugs påmelding
Det blir enkel servering med pizza til alle. Av omsyn til det praktiske treng vi påmelding.
Meld deg på rekrutteringskvelden på skjemaet på denne lenka.
Film om pleie og omsorg i Fjord
Sjå ein filmsnutt om korleis det er å jobbe innan pleie og omsorg i Fjord.