Ein svært populær kar har takka ja til å vere ein del av Fjord brannvesen.
Ove Indreeide og Lillian Aasheim saman med BjørnisBjørnis har allereie fått treffe mange kjekke barn - både på Stordalscup i juni, og under olsokfeiringa i Valldal siste helga i juli.
Bjørnis fortalte i etterkant at han var veldig glad for å treffe så mange kjekke barn. Nokre av barna hadde øvd ekstra på dansen, og han var imponert over kor flinke dei var.
Bjørnis kjem til å besøke barnehagane i september i samband med brannvernveka - så det er berre å gle seg.
Les meir om Bjørnis på nettisda til Brannbamsen Bjørnis
Publisert 29.07.2024 13.05
Sist endra 02.05.2025 10.51