Betre tverrfagleg innsats (BTI) - opplæringsdag

Torsdag 27. februar hadde Fjord kommune opplæringsdag for ressurspersonar i einingane i samband med innføring av «Betre tverrfagleg innsats» - BTI for barn og unge. 

Forsamling ser mot skjerm - Klikk for stort bilete

Ressurspersonane skal bidra til opplæring og implementering av BTI-portalen på si eining. 

Denne dagen fekk deltakarane bli betre kjent med handlingsrettleiar som beskriv korleis ein skal gå fram dersom ein er uroa for eit barn. Dei fekk øve seg på korleis ha samtale med barn om vanskeleg tema gjennom bruk av avatarar i programmet snakkemedbarn. I grupper diskuterte og drøfta dei korleis ein kan bruke handlingsrettleiaren og verktøya i ulike problemstillingar ein møter i kvardagen.

Annika Linge Hessen frå Korus rettleia oss gjennom dagen.