
– Dette er naturlegvis svært hyggeleg, seier ordførar i Fjord kommune, Terese Jemtegård Moen (Sp). – Det ligg på mange måtar i blodet vårt. Vi har opp gjennom tidene vore vand med, og bygd erfaring med å plassere hus og bygningar trygt for skred, fonner, flaum og anna naturfare. Vi har lange tradisjonar for å tilpasse oss ver og naturkrefter. Denne nedarva kunnskapen har vore eit godt grunnlag å byggje vidare på. Det har vore arbeidd svært målretta og godt i Fjord kommune med å planlegge for å tilpasse oss klimaendringane, og takle stadig oftare hendingar med ekstremver og naturkatastrofer, seier ordføraren.
– Ekstremver er ikkje ei framtidig bekymring. Ni av ti kommunar seier at dei har opplevd ekstremver dei siste åra. Det er ein del av kvardagen vår. Men arbeidet med klimatilpassing i kommunane våre utviklar seg ikkje i same tempo, seier Line Gjengedal Ruud, nordisk leiar for skadehandtering i If. – Framleis peikar kommunane på dei same barrierene i arbeidet med klimatilpassing: Manglande ressursar, i form av kompetanse og økonomi, og utydeleg ansvarsfordeling. Som forsikringsselskap er vi bekymra. Vi må vere budd på uveret. Myndigheitene må tenkje nytt. Klimaendringane skjer raskt. Vi kan ikkje fortsette i rolig tempo, men må jobbe raskare. Samtidig er det på tide at klimatilpassing vert vurdert som ei investering, ikkje som ei utgift, seier ho.
Systematisk arbeid
I samband med samanslåinga av Norddal og Stordal til Fjord kommune 01.01.2020 vart det utarbeidd eit temanotat i 2019 med status og bakgrunnsinformasjon for dei ulike områda. Deretter vart det gjort eit grundig arbeid med oppdatering av Energi- og klimaplan, i samarbeid med Sunnmøre Regionråd, og tiltaka har vore presentert i det årlege klimabudsjettet som er handlingsprogrammet for Energi- og klimaplanen.
I den første kommunestyreperioden etter samanslåinga vart det gjort ein grundig og omfattande jobb med å lage kommuneplanen sin samfunnsdel. Eitt av hovudmåla er å «vere ein handlekraftig og innovativ kommune som utviklar framtidsretta tenester». Under dette er delmålet «Kommunen er klimaklok og miljøbevisst» med tre underpunkt; kartlegge klimarisiko, ha ein levande klima- og energiplan og føre klimabudsjett og klimarekneskap.
I inneverande kommunestyreperiode har Fjord kommune jobba vidare med å lage arealstrategi og Fjord kommune sin første arealplan. Her er det også tydelege føringar på at kommunen tek ansvar for å sikre samfunnstryggleiken og ei føreseieleg arealforvaltning.
Tett på
Kommunen har heilt sidan kommunesamanslåingsprosessen hatt tett oppfølging og samarbeid med Distriktssenteret. Sidan 2023 har Fjord kommune også vore ein del av «Tett på», eit samarbeid mellom fem distriktskommunar i Møre og Romsdal, Distriktssenteret, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune. «Tett på» er ei satsing på politikaropplæring om plan for distriktskommunar, der det har vore eit ønske om å bygge eit betre lag rundt kommunane, med meir effektiv planfagleg rettleiing frå Statsforvaltaren og Møre og Romsdal fylkeskommune, og å skape betre «planpolitikarar» i dei minste kommunane.
– Det har vore arbeidd svært godt av vår eigen kommuneadministrasjon gjennom desse åra. Det er eg veldig takknemleg for. Det at vi er ein liten kommune i folketal er ikkje synonymt med at vi har dårleg kompetanse eller manglande gjennomføringsevne! I tillegg har «Tett på» politikaropplæring gjort oss til betre planpolitikarar, og å vere meir bevisste på at politikarane styrer kommunen gjennom planverket, seier den stolte ordføraren.
Les meir på NTB sine sider.
Kontaktpersonar
Terese Jemtegård Moen, ordførar Fjord kommune, telefon 928 05 659
Line Gjengedal Ruud, nordisk leiar for skadehandtering i If, telefon 934 80 793
Frode Longva, avdelingsdirektør for forskningsavdelingen i CICERO Senter for klimaforskning, telefon 22 00 47 40