Beredskapsøving 12. juni

Fjord kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og naudetatane skal torsdag 12. juni ha ei beredskapsøving med utgangspunkt i tema trafikkulykke på Linge.  

Øvinga vil starte kl. 1730.

I denne perioden vil det vere mykje aktivitet av personell og køyretøy frå ambulanse, politi og brann  i området Valldal – Linge. Det vil bli nytta lys og sirener ved behov.  

Vi ber alle om å ta omsyn til øvinga, og ikkje oppsøke aktivitetane unødig.