Behov for bustader i Stordal og Valldal

Fjord kommune har behov for fleire bustader til vikarar som skal arbeide innan helse- og omsorgstenesta i kommunen. Behovet gjeld særleg for sommaren, men det kan også vere behov for nokre over ein lengre periode. 

Vi ønskjer difor å kome i kontakt med utleigarar som har leilegheiter eller hyblar tilgjengeleg.

Vi søkjer bustader både i Stordal og i Valldal. Bustadene bør vere møblerte eller delvis møblerte, og eigna for einslege personar som skal bu der i ein avgrensa periode. Kort avstand til arbeidsplass og gode kollektiv- eller parkeringsmoglegheiter er ein fordel, men ikkje eit krav.

Fjord kommune ønskjer eit godt samarbeid med lokale utleigarar, og kan tilby føreseielege leigeforhold gjennom kommunen.

Har du ein bustad som kan vere aktuell, eller ønskjer du meir informasjon?

Ta kontakt snarast råd med:
Kommunalsjef Sindre Søvik Erstad, epost: sindre.sovik.erstad@fjord.kommune.no, tlf. 958 55 960.