Bandtvang for hund

I perioden 1. april til 20. august er det generell bandtvang for hund. I denne perioden skal ein hund haldast i band eller vere forsvarleg sikra slik den ikkje jagar eller skadar husdyr og vilt. I tillegg er det utvida bandtvang i Fjord til 31. oktober.

Utvida bandtvang i Fjord

I tillegg til generell bandtvang har Fjord kommune gjennom ei lokal forskrift om hundehald vedtatt at det skal vere utvida bandtvang i perioden frå 21. august til 31. oktober. Den utvida bandtvangen gjeld i dei områda det oppheld seg beitedyr. Hundeførar er sjølv ansvarleg for å gjere seg kjent med dei lokale forholda.