Asfaltarbeid i Fjøretunnelen
På grunn av asfaltarbeid blir det opp til to timars ventetid i Fjøråtunnellen frå måndag 18. mai klokka 20 og natt til tysdag.
Asfaltarbeid i Fjøretunnelen måndag kveld
Frå måndag kveld 18. mai kl. 20.00 og natt til tysdag 19. mai blir det nattarbeid med asfalt på fylkesveg 5928 i Fjord kommune. Trafikantar må rekne med opp til to timar ventetid.
Det skal gjerast asfaltarbeid i Fjøretunnelen og vidare om lag 500 mot Fjøra, og fram til krysset mot fylkesveg 63 i Valldal sentrum. Vegen blir heilt stengt medan arbeidet går føre seg.
- Vi anbefalar dei som kan å køyre gjennom tunnelen før klokka 20.00 måndag kveld, seier byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Leif Olav Brandt.
- Trafikantar som må gjennom i løpet av natta må rekne med ventetid inntil 2 timar, og ein kan måtte køyre på varm asfalt. Ver merksam på at dette kan gi flekkar i lakken ved litt høg fart.
Når er det stengt veg og ventetid
Arbeidet startar kl. 20.00 måndag 18. mai. Dei mest kritiske, smale partia skal etter planen vere ferdige før kl. 06.00 tysdag morgon 19. mai.
Naudetatar kan passere i løpet av kort varsel.
Kontaktperson
Leif Olav Brandt, byggeleiar asfalt Sunnmøre, telefon 12 50 479
Publisert 15.05.2026 14.28
Sist endra 15.05.2026 14.29