Arbeidsvisum som faglærte arbeidstakarar
To personar som kom til Fjord Kommune med midlertidig opphaldstillatelse frå Ukraina har no fått innvilga arbeidsvisum i Norge. Dette markerer ein viktig milepæl på vegen mot sjølvstende og aktiv deltaking i norsk arbeidsliv. Begge har fått arbeidsvisum som faglærte arbeidstakarar.
Lisa og Iryna frå flyktningtenesta saman med Yaroslav Yarovenko- Yaroslav Yarovenko, kom til Fjord i slutten av 2023, fast arbeid ved Norinsekt i Stordal.
- Ruslan Krasny, kom i byrjinga av 2024, fast arbeid hos EL-24.
Arbeidsvisumet krev blant anna:
- Eit konkret arbeidstilbod frå ein norsk arbeidsgivar
- Relevant kompetanse og kvalifikasjonar
- Dokumentasjon på at det ikkje finst tilgjengeleg arbeidskraft frå EØS-området for den aktuelle stillinga
Samarbeid
Dette er ikkje berre ein personleg siger for Yaroslav og Ruslan, men eit tydleg eksempel på kva som er muleg når einr får høve til å bruke sin kompetanse og erfaring. Flyktningtenesta har fulgt dei gjennom prosessen i samarbeid med NAV og arbeidsgivarar. Det har vore viktig med god kartlegging, samt dialog med relevant arbeidsstad for å finne rett person til rett arbeid. Her har vi lykkast godt.
Dette er eit resultat av målretta arbeid, stor innsats og eit enormt mot. Det er berre 243 personar frå Ukraina som har fått arbeidsvisum som faglært i 2025.
Ruslan og LisaFjord Kommune ønsker å rette ein stor takk til Norinsekt og EL-24 for engasjement og vilje til å satse sjølv om språkkunnskapane ikkje er heilt på plass. Bedriftene har sett verdien av kompetanse og personlege eigenskapar – og har bidratt til å skape tryggleik, inkludering og verdi for både enkeltpersonar og lokalsamfunnet.
Vi oppfordrar fleire arbeidsgjevarar til å gjere det same. Ta kontakt med Flykntingtenesten for rettleiing inn mot søknadsprosess, eller ved eventuelle behov for fleire ressursar på arbeidsplassen.
Saman skaper vi eit inkluderande og framtidsretta arbeidsliv i Fjord Kommune.
Publisert 23.10.2025 15.49
Sist endra 24.10.2025 08.38