Arbeidsverkstad for kommunestyret 20. mai

Kommunestyret, råda og tillitsvalte var samla på Martin Linge-huset 20. mai der fokus var heilskapleg analyse og behov for tenestedreiing, og langsiktige grep i Levekårsplanen.

Gruppearbeid rundt fleire bord

Fjord kommune sitt tette samarbeid med Statsforvaltar, Fylket og Distriktssenteret er avgjerande for at vi får til gode og faktabaserte samlingar. 

Det var gode diskusjonar rundt utfordringsbildet som var skissert i den heilskaplege analysen før lunsj. 

Etter lunsj var Levekårsplanen tema, og korleis vi skal rigge oss for framtida. Nokre hovurdpunkt som kom fram: 

  • Samfunnsutviklinga må byggje på heilskap, langsiktig tenking og tydelege prioriteringar.
  • Kommunen må setje inn grep tidleg, før utfordringane blir større og meir kostnadskrevjande.
  • Bustad, frivilligheit, førebygging, eigenmeistring, kompetanse og tenestestruktur peikar seg ut som dei viktigaste strategiske områda.
  • Det er behov for både haldningsendring og strukturendring.
  • Arbeidet må vere breitt forankra, slik at retninga står seg over tid.
  • Planen må vere gjennomførbar, tydeleg og kopla til konkret oppfølging.

Levekårsplanen vil bli lagt ut på høyring i løpet av juni månad.