Arbeider med framtidig oppgåvefordeling

Fjord kommune har ei aldrande befolkning og vi vil innan kort tid oppleve at vi har fleire innbyggarar som treng helsetenester enn vi har personell til å utføre oppgåvene.

Tavle med lappar - Klikk for stort bilete

Difor har vi starta opp med TØRN som er eit prosjekt som skal sjå på framtidig oppgåvedeling. Målet er å bruke tilgjengelege ressursar på rett plass til rett tid til dei rette oppgåvene.

Institusjonane og dei tre heimetenestedistrikta er med i prosjektet som start opp 24. november, og har som mål å være ferdig 15. februar.

På første møte hadde vi ein workshop der prosjektgruppa starta med å skrive ned alle oppgåve vi utfører i løpet av ein dag, og limer Post-it lappar på eit gråpapir. Gråpapira er hengt ut i avdelingane for at alle tilsette skal bli involvert i arbeidet og skrive fleire lappar.

Vidare framover skal prosjektgruppa sortere kva kompetanse som trengst til dei ulike oppgåvene. Kva skal gjerast og kven skal utføre det.

Vi må kanskje gå utanom tradisjonell oppgåvedeling ved å skape ei felles forståing for kvarandre sin arbeidskvardag. 

Målet er ei berekraftig helse- og omsorgsteneste i Fjord kommune der alle er trygge i den rolla dei har.

Personar rundt bord - Klikk for stort bileteSorterer lappar rundt bord - Klikk for stort bilete