Arbeid - ein viktig del av vaksenlivet
Årets folkehelseprofil for kommunar er publisert. I år er det arbeid som er hovudtema. Vi brukar mykje av tida vår på arbeid, og arbeidskvardagen er difor viktig i livet vårt. I Fjord er det litt fleire som er i arbeid i aldersgruppa 20-66 år, samanlikna med landssnittet.
Arbeid - ein viktig del av vaksenlivet
Vi lever ulike liv, men arbeid er ein fellesnemnar for de fleste vaksne. Vi brukar mykje av tida vår på arbeid, og arbeidskvardagen er difor viktig i livet vårt.
Folkehelseprofil for Fjord
Temaet for årets profil er arbeid og kor viktig arbeidsdeltaking, arbeidsmiljø og førebygging av utanforskap er for både helse og samfunnsutvikling.
Sjå folkehelseprofilen for Fjord 2026 - Helsedirektoratet
Nokre punkt frå folkehelseprofilen til Fjord
- Sysselsette i Fjord i aldersgruppa 20-66 år:
- Det er 1103 som er sysselsette (83 prosent) medan 225 står utanfor arbeid og utdanning (15 prosent).
- Det er litt fleire sysselsette og litt færre som står utanfor utdanning og arbeidsliv, samanlikna med resten av landet.
- Legemeldt sjukefråver ligg på 6.6 prosent, det er litt over landssnittet på 5,9 prosent.
- Bustad: Det er fleire over 45 år som leiger bustad her enn elles i landet, og færre barn som bur trongt.
- Fysisk aktivitet: Det er fleire ungdommar som oppgir at dei trenar kvar veke i Fjord enn kva landssnittet viser.
- Drikkevatnet er klassifisert som hygienisk og stabilt for dei som er knytt til vassverk i kommunen.
Du finn fleire tal og meir informasjon om Fjord i folkehelseprofilen som du kan laste ned på lenka ovanfor.
Kva er ein folkehelseprofil?
Helsedirektoratet lanserer årleg folkehelseprofil for kvar kommune.
Folkehelseprofilane har ulike tema kvart år og er eit bidrag til kommunen i arbeidet med å få oversikt over helsetilstanden i befolkninga og faktorar som påverkar denne, jamfør lov om folkehelsearbeid.
Arbeid – en viktig del av vaksenlivet - Helsedirektoratet

Publisert 05.03.2026 15.29
Sist endra 05.03.2026 15.39