Ålesund kommune og Fjord kommune sel Ørskog Energi AS til Tafjord Kraft AS

Ålesund kommune og Fjord kommune eig Ørskog Energi AS. Ålesund kommune har 80 % eigardel av aksjane i Ørskog Energi og Fjord kommune eig 20 %. Begge kommunane har gjort like vedtak om å selje aksjane til Tafjord kraft AS. Saka er unnateke offentlegheit. 

Difor sel dei til Tafjord Kraft AS 

Det var to bodgjevarar på aksjane i Ørskog Energi AS. Avgjerda om å selje til Tafjord Kraft AS byggjer på ei samla vurdering av pris, eigarforhold og strategiske vurderingar knytt til utvikling i regionen. Fjord og Ålesund kommunar eig til saman meir enn 56 % av Tafjord Kraft AS. Salssummen for aksjane er på 121 mill. kroner.

Ordførarane i seljarkommunane er godt nøgde med salet, og seier at transaksjonen er godt forankra i kommunane sine eigarskapsstrategiar. Avgjerda om å selje til Tafjord Kraft AS var einstemmig i begge kommunestyra:

“Vi er trygge på at Tafjord Kraft AS vil vere ein god eigar av Ørskog Energi AS, og vil bidra til ytterlegare utvikling av nettinfrastrukturen i vår region i tillegg til å skape verdiar for sine eigarar.”  

Begge kommunane er særs nøgde med at Tafjord Kraft AS er kjøpar.  

«TAFJORD har vore det leiande kraftselskapet på Nordvestlandet i meir enn 100 år. Vi ønskjer å utvikle denne posisjonen vidare for å skape verdiar for eigarane våre finansielt og for at regionen vår skal vera leiande på nærings- og samfunnsutvikling i framtida.  
Framtida er i stor grad fornybar elektrisk og her blir vår kompetanse og investeringskraft viktig. Gjennom oppkjøpet vårt av Ørskog Energi styrkar vi oss i regionen. Vi blir ein stor eigar i Nordvestnett AS som er viktig for kraftsystemet i delar av Ålesund og Fjord, og dessutan i kommunane Haram og Vestnes. Dette selskapet har allereie eit tett samarbeid med nettselskapet Linja", seier konsernsjef i Tafjord, Erik Espeset. 

Kontaktpersonar 

Ordførar i Ålesund, Håkon Lykkebø Strand, tlf. 936 86 589
Ordførar i Fjord kommune, Therese Jemtegård Moen, tlf. 92 80 56 59