8. mai-markering i Fjord kommune
Kommunen inviterer til 8. mai-markering med minnestund ved Martin Linge-bautaen på Linge og samling for veteranar på rådhuset. Veteranbegrepet gjeld no alle som har vore inne til nasjonal militær teneste. Veteranar frå heile Fjord kommune er hjarteleg velkomne!
Norsk flaggProgram for markeringa 8. mai
Klokka 13:00: Minnestund ved Martin Linge-bautaen på Linge
Minnestunda er open for alle.
- Minneord ved kaptein Marius Andre Moe
- Trompet v/Petter Lingaas
- Kransenedlegging ved ordførar Terese Jemtegård Moen
- 1 minutt stille
- Trompet v/Petter Lingaas
Klokka 13.30 - 15.30: Sosial samling for veteranar på rådhuset i Valldal
- Ordførar ynskjer velkomen
- Enkel servering
- Tale ved ordførar
Praktiske detaljar
- Om nokon ynskjer å seie noko ta gjerne kontakt med ordførar i forkant.
- Veteranbegrepet vart i 2023 utvida til å gjelde også dei som har vore inne til nasjonal militær teneste.
- Det vert enkel servering.
- Meld frå om du kjem til samlinga for veterantar til kommunen sitt sentralbord, tlf. 418 67 800.
Publisert 05.05.2025 14.17