No skal øydelagte tekstilar ut av restavfallet
Kvar år kastar nordmenn 49 000 tonn klede og tekstilar i restavfallet. Dette svarar i snitt til rundt 9 kilo per person. Etter eit nytt lovkrav frå EU skal øydelagde klede og tekstilar frå og med i år ikkje lenger gå i restavfallet, men sorterast for seg og gå til materialgjenvinning.
Gjenbruk og resirkulering
Målet er å sørgje for at mest mogleg klede og tekstilar blir brukt om igjen eller resirkulert, i staden for å ende som restavfall.
Frå og med måndag 6. januar vil innbyggjarane i Ålesundregionen kunne kjeldesortere øydelagde klede på alle miljøstasjonane til Attvin.
Meir informasjon
På Attvin si nettside kan du finne meir informasjon om blant anna kva som er øydelagte tekstilar og ikkje, ulike kategoriar for tekstilhandtering, og kvar du kan levere tekstilar til gjenvinning.
Gå til Attvin si nettside om tekstilgjenvinning
Her er to av stadane der du kan levere tekstilar til gjenvinnning
Djupøyna, Valldalsvegen 55, open torsdag klokka 12-18
Sjøholtstrand, Ålesundsvegen 1134, Ørskog, open tysdag og torsdag klokka 10-18