Tilrettelegging

Illustrasjon - Klikk for stort bilete

 

Du som innbyggar kan vente at kommunen

  • rettleiar ved behov og legg praktisk til rette for ein god kvardag
  • tilbyr tenester og løysingar tilpassa den enkelte
  • tilbyr velferdsteknologi som del av tenestetilbodet
  • samarbeider med næringsliv, frivillige og privatpersonar om lågterskeltilbod og støtte i kvardagen
  • arbeider tverrfagleg for å skape tiltak og aktivitet mellom generasjonar
  • gir tilbod om rehabilitering for å oppretthalde funksjonsnivå
  • tilbyr avlastning og støtte til pårørande som står i omfattande omsorgsoppgåver over tid
  • sikrar tilgang til ulike buformer som er tilpassa behova dine

Kommunen forventar at du som innbyggar

  • gir relevant informasjon om utfordringar og behov som du har
  • samarbeider aktivt i planlegging og oppfølging av tiltak
  • bryr deg om andre, og hjelper der du ser det trengst ei hand
  • vurderer framtidsfullmakt
  • gir tilbakemelding om kva som fungerer og kva som ikkje fungerer
  • tek ansvar for eiga helse så langt som råd