
Du som innbyggar kan vente at kommunen
- tilbyr helsefremjande tilbod og aktivitetar og gir faglege råd om korleis du kan ta vare på di eiga helse
- legg til rette for ein sunn, trygg og utviklande oppvekst
- arbeider aktivt med tidleg innsats for å hindre uhelse og utanforskap
- samarbeider med innbyggarane om å utvikle gode og trygge møteplassar – både innandørs og utandørs
- samarbeider med frivilligheita og andre om helsefremjande tiltak
- sikrar at tenester og tilbod er tilgjengelege og inkluderande
- set fokus på bustadutvikling og transporttilbod
Kommunen forventar at du som innbyggar
- tek ansvar for eiga helse og eigen livssituasjon så langt det er mogleg
- er tidleg ute med å søke hjelp om det oppstår behov for det, og gir relevant informasjon til dei som skal hjelpe
- deltek i helsefremjande aktivitetar for fysisk og psykisk helse
- følgjer råd og anbefalingar som vert gitt for å førebygge problem
- viser omsorg for familie og vener og menneske i nærmiljøet ditt
- deltek i lokalsamfunnet og medverkar der du kan til eit godt og inkluderande fellesskap
- tenkjer på tilrettelegging av eigen bustad for framtida
Publisert 04.09.2026 15.15
Sist endra 04.09.2026 15.21