
Du som innbyggar kan vente at kommunen
- samarbeider tverrfagleg om oppfølging for personar i alle aldersgrupper
- arbeider systematisk med samhandlingsmodellen BTI (Betre Tverrfagleg Innsats) for barn og unge
- sikrar at personar med ulike utfordringar blir verdsett og er ein del av fellesskapet
- gjer tilpassingar for å utsetje behov for meir omfattande tiltak
- informerer aktivt om økonomiske støtteordningar for bustad og arbeider for ein variert, lokal bustadmarknad
- tilbyr eit lågterskel kontaktpunkt for frivillig aktivitet og innbyggarar
Kommunen forventar at du som innbyggar
- tek vare på eiga fysisk og psykisk helse
- bidreg med dine evner og ressursar og bryr deg om medmenneska dine
- tek i bruk teknologi og anna som forenklar kvardagen om det trengs
- deltek i meiningsfylte aktivitetar
- •ølgjer anbefalingar frå helsepersonell
- tenkjer over kva du kan gjere for å tilpasse eigen bustadsituasjon for framtida
Publisert 04.09.2026 15.18
Sist endra 04.09.2026 15.21