Etter at kommunen har mottatt melding om ulovleg tiltak, blir det oppretta ei sak. Kommunen vil, basert på prioritering og kapasitet, kunne sende eit brev til eigar der det blir informert om at det er motteke ei melding. Dersom du har oppgitt kontaktopplysningar, kan du få eit foreløpig svar.
Saka blir deretter vurdert og prioritert ut frå grad av alvor. Alle saker blir vurderte, men oppfølging skjer etter prioritering basert på alvor og kapasitet. Grad av brot på regelverket, fare for helse, miljø og sikkerheit, samt samla saksmengde vil ha betydning for om og korleis saka blir følgt opp.
Kva blir ikkje følgt opp?
For at bygningsmyndigheitene skal følgje opp eit forhold, må tiltaket kome inn under Plan- og bygningsloven sine føresegner. Dette blir vurdert av bygningsmyndigheitene. Tiltak som er unntatt søknadsplikt vil ikkje bli følgde opp. Mindre brot på regelverket kan kommunen også velje å ikkje handheve.
Kommunen gir tilbakemelding i saka når det er gjort vedtak eller konkrete oppfølgingstiltak.
Vi minner om at det er innsynsrett i alle dokument som blir sendt til kommunen.