Melding om ulovleg byggetiltak
Uromelding om antatt ulovlege byggetiltak kan sendast skriftleg til Fjord kommune. Før du melder inn, ber vi at du går gjennom sjekkpunkta under. Graden av brotet avgjer kor raskt vi prioriterer og handsamar saka. Saker med fare for liv og helse blir prioritert først.
Sjekk dette før du melder inn
- Snakk gjerne med naboen din først. Spør om naboen har fått løyve til det som blir bygd, eller om det som blir bygd er unntatt søknadsplikt etter plan- og bygningslova.
- Sjekk i saksinnsyn om det finst ein byggesøknad knytt til eigedommen og tiltaket.
- Sjekk om tiltaket er unntatt søknadsplikt.
På kommunekart.no finn du kva reguleringsplan og føresegner som gjeld for området. Tiltak må vere i samsvar med reguleringsplan, eller det må vere gitt anna løyve til tiltaket.
Hos Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) kan ein sjekke kva som ikkje er søknadspliktig. Meiner du at tiltaket framleis er ulovleg etter at du har gjort desse undersøkingane, kan du melde inn forholdet til avdeling for byggesak.
Slik melder du inn tiltak som kan vere i strid med plan- og bygningslova
Melding om ulovleg arbeid eller byggetiltak sendast skriftleg til Fjord kommune.
Vi ber om at meldinga inneheld følgjande informasjon
- Gards- og bruksnummer på eigedomen
- Adresse på eigedomen
- Skildring av tiltaket
- Kart og bilete av tiltaket
Det er viktig at meldinga inneheld korrekt informasjon om det potensielt ulovlege tiltaket. Legg gjerne ved bilete som grunnlag for meldinga, og kart med informasjon om kva eigedom det gjeld, og kvar på eigedomen tiltaket ligg.
Vidare saksgang
Etter at kommunen har mottatt melding om ulovleg tiltak vil det bli oppretta ei ny sak på meldinga di. Vi vil innan rimeleg tid og etter kapasitet sende eit brev til eigar der vi informerer om at vi har fått ei uromelding om ulovleg tiltak, og vi vil samtidig sende deg eit foreløpig svar dersom du har oppgitt kontaktopplysningar.
Deretter blir saka prioritert ut frå grad av alvor og fordelt til ein sakshandsamar for vidare oppfølging når vi har kapasitet til dette. Grad av brot på regelverket, fare for helse, miljø og sikkerheit, samt saksmengda vil ha betydning for kor raskt vi kan handsame saka.
Kva blir ikkje følgt opp?
For at bygningsmyndigheitene skal følge opp brotet, må tiltaket kome inn under plan- og bygningslova sine føresegner. Dette blir vurdert av bygningsmyndigheitene.
Tiltak som er unntatt søknadsplikt vil ikkje bli følgt opp av bygningsmyndigheitene. Mindre brot på regelverket kan kommunen også velgje å ikkje handheve.
Vi minner på at det er innsynsrett i alle dokument som blir sendt til kommunen.
Publisert 10.02.2025 09.33