Krav om feilretting i matrikkelen

Eiendomsregisteret er det nasjonale registeret over norske eigedomar. Her finn du opplysningar om grenser, bygningar, adresser og eigartilhøve. Kommunen er lokal matrikkelmyndigheit og registrerer opplysningar i matrikkelen som Eiendomsregisteret hentar opplysningar frå.

Dersom du oppdagar feil i det som har med matrikkeldata å gjere, kan du rette eit krav til kommunen om å få retta opp i desse.

Retting av feil og manglar krev dokumentasjon frå den som har sendt inn krav om retting. Kommunen godkjenner eller avslår kravet på grunnlag av innsend dokumentasjon og delvis eigne undersøkingar. 

Korleis du går fram

  1.  Gå til Eiendomsregisteret hjå Kartverket sine sider
  2. Logg inn med ID-porten og sjekk opplysningane som er registrert frå før
    Her finn du også grunnboka og kan bestille tinglyste dokument frå kartverket
  3. Nytt andre kjelder for dokumentasjon
    -    www.kommunekart.com 
    -    www.digitalarkivet.no 
    -    sejordskiftesak.domstol.no/ 
    -    www.kartverket.no 
  4.  Om ein ønskjer innsyn i eldre saker i kommunen må ein henvende seg til kommunen sitt servicekontor.
  5.  Få underskrifter med involverte og rørte partar. Lever kravskjema og vedlagt dokumentasjon. Nytt gjerne Fjord kommune sin e-dialog for sikker innsending.
     

Kommunen går gjennom vedlagt dokumentasjon og kan avslå kravet dersom ein ikkje finn at grunnlaget for retting er til stades.

Ein kan klage på eventuelt avslag etter matrikkellova §46 første ledd bokstav h. Klagen skal rettast skriftleg til kommunen seinast 3 veker etter at avslaget er motteken.

Feilretting kan ta tid. God dokumentasjon og semje mellom partane lettar arbeidet og tida det tek. Ved føring av opplysningar om eksisterande matrikkeleiningar frå eldre dokument, må kommunen til dømes varsle rørte partar i saka med frist på tilbakemelding før vedtak om retting kan gjerast.

Kravskjema

Nyttige lenkjer

Lovverk

Prisar

Feilretting er ikkje gebyrbelagt. Retting kan derimot føre til endring i grunnlaget for utrekning av gebyr på ulike område.
 

Petter Aksel Kirkebøe
Rådgjevar Plan og miljø
E-post
Telefon 41 86 79 29