Korleis skrive ein god søknad

Å søkje om dispensasjon er krevjande og inneber ei grundig vurdering av fleire omsyn. Rettleiinga under viser kva som normalt må vurderast for at kommunen skal kunne ta stilling til ein søknad. I mange saker vil det vere formålstenleg å bruke fagpersonar.

Denne rettleiinga er laga for å hjelpe deg som vil prøve sjølv – steg for steg.

1️. Når treng du dispensasjon?

Hovudregelen i plan- og bygningslova er at tiltak skal vere i samsvar med arealplanane for området. Dispensasjon er eit unntak frå desse reglane og må søkjast særskilt. Du må søkje dispensasjon dersom tiltaket du ønskjer ikkje er i samsvar med arealformålet eller planføresegnene som gjeld for eigedomen din.

Vanlege eksempel på tiltak som ofte krev dispensasjon:

  • Bygging eller frådeling i LNF-område (Landbruk, natur og friluftsliv) som ikkje har landbruksformål
  • Tiltak i strandsona (100-metersbeltet langs sjø og vassdrag)
  • Bygging nærmare enn byggegrense mot veg eller nabogrense
  • Tiltak som bryt med føresegnene i reguleringsplan eller kommuneplan
  • Hovudregelen er at tiltaket må følgje planen. Dispensasjon er eit unntak som må søkjast om når tiltaket ikkje er i samsvar med planen.
     

2. Kva er ein dispensasjon?

Ein dispensasjon er eit vedtak der kommunen gir unntak frå reglane i plan- og bygningslova eller frå gjeldande arealplanar for eigedomen din. Når du søkjer dispensasjon, ber du kommunen gjere eit unntak frå det som normalt er tillate. Dispensasjon er ein «sikkerheitsventil» i lovverket, ikkje ein snarveg for å omgå reglane.

-    Ein dispensasjon er eit unntak frå planen som må vere godt begrunna og oppfylle lovkrava.

3. Vilkår for å få dispensasjon

Kommunen kan berre gi dispensasjon dersom lovkrava i plan- og bygningslova § 19-2 er oppfylt. Dispensasjon er eit unntak, ikkje noko ein kan rekne med å få.

For å få dispensasjon må begge desse vilkåra vere oppfylt:

3.1 Omsyna bak planen eller regelen må ikkje bli vesentleg tilsidesett

  • Planar og føresegner har bestemte omsyn dei skal ivareta.
  • Til dømes kan det vere for å verne landbruk, hindre spreiing av bygg, ta vare på natur, landskap eller friluftsliv.
  • Tiltaket må ikkje øydelegge desse omsyna på ein vesentleg måte.

3.2 Fordelane ved tiltaket må vere klart større enn ulempene

  • Du må vise at fordelane veg tyngre enn ulempene.
  • Det skal vurderast både for deg som søkjar, for naboar, for allmennheita og for framtidig arealbruk.
  • Forklar kvifor dispensasjon gir ein betre heilskapleg løysing enn å følgje planen.
     

For å få dispensasjon må fordelane vere klart større enn ulempene, og planen sine omsyn må ikkje bli vesentleg tilsidesett.

4. Tema søkjar må vurdere i dispenasjonssøknaden

Ein dispensasjonssøknad må vere tilstrekkeleg opplyst før kommunen kan ta stilling. det betyr at tiltakshavar sjølv må vurdere og beskrive relevante omsyn i den konkrete saka. kva som er relevant, vil variere frå sak til sak.

Lista under gir ei oversikt over vanlege og viktige tema i dispensasjonssaker, men er ikkje uttømande. Andre forhold kan vere relevante avhengig av tiltak og område.

Naturmangfald
Vurder om tiltaket kan påverke naturverdiar, til dømes naturtypar, artar, viltområde, økologiske funksjonar eller vassdrag. inngrep som graving, fylling, rydding, veg eller leidningar må vurderast særskilt. kommunen skal vurdere saka etter naturmangfaldlova §§ 8–12 og kan ikkje gi dispensasjon utan tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag.

Kulturminne og kulturmiljø
avklar om det finst registrerte kulturminne eller kulturmiljø i eller nær området, også automatisk freda kulturminne. dersom tiltaket kan røre kulturminne, må dette vere avklart før saka kan avgjerast.

Landbruk og jordvern
Dersom tiltaket ligg i LNF-område eller på dyrka eller dyrkbar jord, må konsekvensar for landbruk og framtidig drift vurderast. i slike saker kan også jordlova gjelde.

Naturfare og tryggleik
Vurder om eigedomen ligg i aktsemdsområde eller faresone for skred, flaum, erosjon eller andre naturfarar. der det er kjent risiko, krevst normalt fagkyndig vurdering.

Landskap og friluftsliv
Vurder om tiltaket påverkar landskapsbiletet, viktige siktliner, ferdselsårer eller bruk av området til friluftsliv.

Barn og unge sine interesser
Vurder om tiltaket påverkar område som blir brukt av barn og unge, til dømes leikeområde, uformelle møteplassar, ferdselsårer, snarvegar, uteopphald eller nærmiljø. også uregistrert bruk kan vere relevant. tiltaket må vurderast opp mot omsynet til trygge og gode oppvekstvilkår.

Infrastruktur og tekniske tiltak
Avklar tilkomst, veg, vatn, avløp, overvatn og eventuelle leidningar. uavklarte tekniske tiltak kan vere avgjerande for om dispensasjon kan gjevast.

Naboar og allmenn interesse
Vurder ulemper for naboar og allmennheita, og korleis tiltaket påverkar omgjevnadene utover eigen eigedom.

Samla belastning og presedens
Vurder om tiltaket kjem i tillegg til andre inngrep i området, og om dispensasjonen kan skape presedens for liknande tiltak.

Avgrensing av tiltaket
Søknaden må vere presist avgrensa. kommunen vurderer berre det som er omsøkt. seinare endringar eller utvidingar krev ny vurdering.

Merk
Det er tiltakshavar sitt ansvar å gjere desse vurderingane og leggje fram nødvendig dokumentasjon. Kommunen kan rettleie om prosess og krav, men kan ikkje supplere manglande vurderingar i søknaden.


5. Kva må søknaden innehalde?

Ein dispensasjonssøknad må vere grundig og godt dokumentert for at kommunen skal kunne behandle den.
Søknaden bør innehalde:

  • Skildring av tiltaket
    Kva ønskjer du å gjere?
    Kva slags bygg, deling eller bruksendring gjeld det?
    Kvar ligg tiltaket, og kor stort er det?
  • Vurdering av fordelar
    Kvifor er tiltaket viktig eller nyttig?
    Er det fordelar for deg, familien eller lokalsamfunnet?
    Bidreg det til busetting, drift av landbruk eller bevaring av bygg?
  • Vurdering av ulempene
    Kva ulemper kan tiltaket ha for området?
    Kan det ta dyrka jord eller forringe landskapet?
    Er det ulemper for naboar eller allmennheita?
  • Samla vurdering
    Forklar kvifor du meiner fordelane er klart større enn ulempene.
    Vurder om ulempene kan reduserast eller avbøtast.
  • Omsyna bak planen eller regelen
    Tenk over kva planen prøver å verne om (landbruk, natur, landskap, friluftsliv).
    Forklar kvifor tiltaket ikkje øydelegg eller vesentleg tilsidesett desse omsyna.
    Vurder også andre viktige forhold som kan vere relevante i området, som biologisk mangfald, kulturminne, landskap, og avstand til sjø og vassdrag.
  • Avklare naturfare
    Har du vurdert om eigedomen kan vere utsett for skred, flaum eller andre naturfarer?
    Om eigedomen ligg i aktsemdsområde eller faresone må det normalt leggjast ved fagkyndig vurdering.
  • Kommentar til eventuelle nabomerknader
    Om naboar har gitt merknader, må du legge ved desse.
    Du må også kommentere kva du meiner om merknadene, og om du har vurdert endringar.
  • Søknaden må vise kva du skal gjere, kva fordelar og ulemper det har – og kvifor fordelane veg tyngre.

 

6. Viktige vedlegg du må legge ved søknaden

For at kommunen skal kunne behandle dispensasjonssøknaden, må du legge ved dei vedlegga som er relevante for tiltaket ditt.

  • Situasjonsplan eller kart
    Vanlegvis i målestokk 1:500
    Vis tomtegrenser, plassering av tiltaket og avstandar
    Teikn inn tilkomstveg og eksisterande bygg
    Dersom eigedomen har fleire arealformål i planen (t.d. bustad, grøntareal, veg), bør du markere kva arealformål tiltaket ligg i. Dette gjer det enklare å vurdere om tiltaket er i samsvar med eller i strid med planen.
    Legg gjerne ved eit oversiktskart som viser plasseringa på eigedomen og gnr/bnr.
    Hugs også å sjekke NIBIO sine kart for å avklare om tiltaket ligg på dyrka eller dyrkbar jord. Dersom tiltaket ligg på slik jord, må det vurderast etter jordlova i tillegg.
  • Nabovarsel og merknader
    Kopi av varsel sendt til naboar
    Kvittering eller liste over varsla
    Eventuelle merknader frå naboar
    Din eller ansvarleg søkar si vurdering av merknadene
    Du kan gjerne bruke Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) sitt skjema for nabovarsel for å gjere dette enkelt.
  • Teikningar eller foto (dersom aktuelt)
    Planteikningar eller fasadar
    Terrengprofilar eller foto av dagens situasjon
  • Avklare naturfare (dersom relevant)
    Sjekk aktsemdskart og faresonekart i NVE Atlas
    Legg ved fagkyndig vurdering om det er i faresone
  • Tilkomst og veg (dersom aktuelt)
    Avtale om vegrett eller avkøyringsløyve
    Godkjenning frå fylkeskommunen ved avkøyring mot fylkesveg
  • Vatn og avløp (dersom aktuelt)
    Dokumentasjon på løysing for vatn og avløp
    Særleg for bustad- eller hyttetomter

Vel ut dei vedlegga som er relevante for ditt tiltak. Ein grundig og godt dokumentert søknad gir raskare behandling.
 

7. Tips for å lage ein god dispensasjonssøknad

Ein dispensasjonssøknad er ikkje berre eit skjema – det er ei grundig vurdering som skal overtyde kommunen om at lovkrava er oppfylt.

  • Ver grundig og tydeleg
    Forklar kva du ønskjer å gjere
    Legg ved gode kart og teikningar
  • Vis at du har vurdert planen og arealformålet
    Forklar kva tiltaket strir mot – og kvifor det likevel bør tillatast
  • Gjer ei balansert vurdering av fordelar og ulemper
    Skriv kva som er dei viktigaste fordelane
    Vurder også kva slags ulemper tiltaket kan ha
  • Tenk over omsyna planen skal verne om
    Landbruk, natur, landskap, friluftsliv
    Sjekk også sjølv om tiltaket kan påverke naturmangfald, kulturminner eller landskapsverdiar.
    Desse tema finn du samla i Fylkeskommunen sin kartportal (GisLink) – bruk den for å undersøke området.
  • Kommenter nabomerknader grundig
    Forklar kva du meiner om merknadene og om du har gjort endringar
  • Avklar naturfare
    Sjekk aktsemdskart og faresonekart (NVE Atlas)
    Skaff fagkyndig vurdering om nødvendig
  • Vurder din eigen kompetanse
    Tenk over om du har nok kunnskap om planføresegner og søknadsprosess.
    Det kan vere krevjande å vurdere alle omsyn og utarbeide ein god søknad.
    Kommunen kan hjelpe med rettleiing, men det er tiltakshavar sitt ansvar å grunngje og dokumentere.
    Dersom du er usikker, bør du bruke ansvarleg søkar, arkitekt eller annan fagperson som kan hjelpe deg.
    Ein grundig utarbeidd søknad frå ein fagperson kan spare både tid og kostnader i lengda.


Ein god søknad er grundig, balansert og godt dokumentert. Det gjer behandlinga enklare og raskare. Om du har spørsmål eller treng hjelp undervegs, kan du alltid ta kontakt med oss. 

Terje Systad
Leiar plan og miljø
E-post
Telefon 41 86 79 22
Daria Klymenko
Kommuneplanleggar
E-post
Telefon 41 86 79 28