Bruksendring av fritidsbustad til heilårsbustadLytt til tekstenStopp avspillingFritidsbustader ligg vanlegvis i område som i kommuneplan eller reguleringsplan er avsette til fritidsbusetnad. Bruksendring til heilårsbustad er som hovudregel i strid med arealformålet og krev dispensasjon etter plan- og bygningslova kapittel 19.Det er viktig å skilje mellom dispensasjon frå planen og søknad om bruksendring. Dette er to ulike vurderingar. Dersom bruksendringa er i strid med gjeldande plan, må nødvendig dispensasjon vere gitt før bruksendringa kan godkjennast.Steg 1 – dispensasjon frå planenDispensasjon er eit unntak frå vedteken plan. Regelverket stiller strenge krav, og kvar søknad skal vurderast konkret og individuelt.Dispensasjon skal ikkje brukast som ei generell eller forenkla ordning for å endre arealbruken frå fritidsbustad til heilårsbustad. Dersom eit område skal opnast for meir heilårsbusetnad, bør dette normalt avklarast gjennom plan. Vilkår for dispensasjonFor at dispensasjon skal bli gitt må begge vilkåra i plan- og bygningslova § 19-2 vere oppfylte:omsyna bak planen eller arealformålet må ikkje bli vesentleg tilsidesettefordelane ved dispensasjon må vere klart større enn ulempeneVurderinga tek først og fremst utgangspunkt i areal- og samfunnsomsyn. Personlege, sosiale og økonomiske forhold vil normalt ha avgrensa vektTerskelen er høgBruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad vil ofte vere i strid med føremålet med planen. Terskelen for dispensasjon er høg.At ein eigedom teknisk kan nyttast som bustad, eller at søkaren har eit personleg behov for heilårsbustad, er ikkje i seg sjølv tilstrekkeleg grunnlag for dispensasjon.Kommunen skal likevel vurdere kvar søknad konkret ut frå plansituasjonen, forholda på eigedomen og omsyna som blir råka.At saka blir teken til behandling, sendt på høyring eller at kommunen ber om supplerande opplysningar, inneber ikkje at dispensasjon kan eller vil bli gitt. Mellombels dispensasjonMellombels dispensasjon kan bli gitt for ein avgrensa periode. Også ein mellombels dispensasjon må vurderast etter vilkåra i plan- og bygningslova.At dispensasjonen er mellombels inneber ikkje i seg sjølv at vilkåra er oppfylte. Når perioden går ut må bruken opphøyre dersom det ikkje ligg føre nytt rettsgrunnlag. HøyringDersom statlege eller regionale interesser blir råka skal desse normalt få høve til å uttale seg før kommunen avgjer dispensasjonssaka.Høyring er ein del av saksbehandlinga og inneber ikkje i seg sjølv at kommunen vurderer søknaden positivt. Kva må dispensasjonssøknaden innehalde?Søkjar har ansvar for at saka er tilstrekkeleg opplyst. Søknaden må normalt innehalde:ei klar skildring av kva det blir søkt omopplysning om kva plan, arealformål eller føresegner det blir søkt dispensasjon frågrunngjeving knytt til vilkåra i plan- og bygningslova § 19-2opplysningar om eigedomen, mellom anna gardsnummer/bruksnummer, adresse og planstatuskart som viser eigedomen og bygget i gjeldande plandokumentasjon på gjennomført nabovarslingvurdering av tilkomst, vatn og avløp og andre forhold som kan ha betydning for dispensasjonssakavurdering av om tiltaket kan vere utsett for naturfareDersom eigedomen ligg i aktsemdsområde for skred, flaum eller annan naturfare, eller det elles er grunn til å rekne med fare, kan kommunen krevje nødvendig dokumentasjon frå fagkyndig.Manglande vurdering eller dokumentasjon kan føre til at kommunen ber om supplerande opplysningar.Kommunen kan likevel avslå ein dispensasjonssøknad på anna sjølvstendig grunnlag utan å krevje at alle andre forhold blir fullt ut utgreidde. Dersom saka skal gå vidare til høyring med sikte på mogleg dispensasjon må nødvendige avklaringar om naturfare liggje føre. Steg 2 – søknad om bruksendringDersom nødvendig dispensasjon blir gitt må sjølve bruksendringa frå fritidsbustad til heilårsbustad godkjennast etter byggesaksreglane.Denne typen bruksendring vil normalt krevje søknad med ansvarlege føretak. Ansvarleg søkjar skal sørgje for at søknaden inneheld nødvendige opplysningar og at relevante krav blir dokumenterte. Dokumentasjon for søknad om bruksendringDet kan mellom anna vere nødvendig å dokumentere:at krav til tryggleik mot naturfare er oppfyltetilfredsstillande vatn- og avløysløysinglovleg og tilfredsstillande tilkomstat relevante tekniske krav etter plan- og bygningslova og byggteknisk forskrift er oppfylteeventuelt grunnlag for unntak frå tekniske krav etter reglane for eksisterande byggKva dokumentasjon som er nødvendig, vil avhenge av bygget, eigedomen og tiltaket. Ein gitt dispensasjon er ikkje i seg sjølv eit løyve til å ta fritidsbustaden i bruk som heilårsbustad. Bruksendringa må vere godkjend før den nye bruken kan starte.Alternativ til dispensasjonDersom det er ønskje om å opne for meir heilårsbusetnad i eit område som er avsett til fritidsbustadar bør dette som hovudregel avklarast gjennom planendring etter plan- og bygningslova, framfor gjennom fleire enkeltvise dispensasjonar. Publisert 09.02.2026 12.00 Sist endra 09.09.2026 16.19