Bruksendring av fritidsbustad til heilårsbustad

Fritidsbustader ligg vanlegvis i område som i kommuneplan eller reguleringsplan er avsette til fritidsbebyggelse. Bruksendring til heilårsbustad er som hovudregel i strid med arealformålet og krev dispensasjon etter plan- og bygningslova kapittel 19.

Dispensasjon er eit unntak

Dispensasjon er eit unntak frå vedteken plan. Regelverket stiller strenge krav, og kvar søknad skal vurderast konkret og individuelt. Kommunen kan ikkje etablere generelle eller forenkla ordningar for bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad.

Vilkår for dispensasjon

For at dispensasjon skal kunne givast, må begge vilkåra i plan- og bygningslova § 19-2 vere oppfylte:

  • omsyna bak planen eller arealformålet må ikkje bli vesentleg tilsidesette
  • fordelane ved dispensasjon må vere klart større enn ulempene

Vurderinga skal ta utgangspunkt i areal- og samfunnsomsyn. Personlege, sosiale eller økonomiske forhold hos søkar blir som hovudregel tillagde liten vekt.

Vanleg utfall

Bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad vil i dei fleste tilfelle ikkje oppfylle vilkåra for dispensasjon. Slike tiltak inneber som regel eit varig avvik frå vedteken arealbruk og kan undergrave planane som styringsverktøy. Utfallet i mange saker vil difor vere avslag.

Kommunen vurderer, men kan ikkje love

Kommunen er forplikta til å vurdere kvar søknad individuelt. Ei vurdering inneber likevel ikkje at dispensasjon kan eller vil bli gitt. At ei sak blir teken til behandling, eller at det blir bedt om supplerande opplysningar, inneber ikkje at utfallet blir positivt.

Mellombels dispensasjon

Mellombels dispensasjon kan berre nyttast der bruken reelt er mellombels og planfagleg grunngjeven. Ordninga kan ikkje nyttast som ei varig eller gjentakande løysing. Fornying av mellombels dispensasjon vil normalt ikkje vere aktuelt.

Høyring

I saker der kommunen vurderer at dispensasjon kan vere aktuelt, og der statlege eller regionale interesser blir råka, skal saka sendast på høyring. Høyring er ein del av saksbehandlinga og inneber ikkje i seg sjølv at dispensasjon vil bli gitt.

Alternativ til dispensasjon

Dersom det er ønskje om å opne for meir heilårsbusetnad i område regulert til fritidsbebyggelse, må dette skje gjennom planendring etter plan- og bygningslova, ikkje gjennom enkeltvise dispensasjonar.

Kva må ein søknad om bruksendring innehalde

For at kommunen skal kunne vurdere ein søknad om bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad, må søknaden vere tilstrekkeleg opplyst. Søkjar har ansvar for å legge fram relevant dokumentasjon.

Ein søknad må som minimum innehalde:

  • klar skildring av kva det blir søkt om, og kva plan eller arealformål det blir søkt dispensasjon frå
  • grunngjeving knytt til vilkåra i plan- og bygningslova § 19-2
  • opplysningar om eigedomen (gnr./bnr., adresse og planstatus)
  • kartutsnitt som viser eigedomen og bygget i gjeldande plan
  • dokumentasjon på vatn- og avløysløysing, heilårstilkomst og oppvarming
  • dokumentasjon som viser at tryggleik mot naturfare (til dømes skred og flaum) er avklart
  • dokumentasjon på gjennomført nabovarsling

Mangelfulle søknader kan føre til at kommunen ber om supplerande opplysningar eller avgjer saka på grunnlag av det materialet som ligg føre. At ein søknad blir behandla, inneber ikkje at dispensasjon kan eller vil bli gitt.

Elena Myklebust
Rådgjevar
E-post
Telefon 41 86 78 26