Meld inn arrangement eller overnattingLytt til tekstenStopp avspillingDersom du står bak eit arrangement, med eller utan overnatting, så skal dette meldast.Meld frå om arrangementVed arrangement med og utan overnatting skal du melde dette til Fjord kommune. Då vil brannbefalet i ein alarmsituasjon vere klar over og ha nødvendig informasjon om kva ressursar brannvesenet kan få behov for.Avtale om leige og bruk av lokale/bygg skal gjerast med eigar. Eigar av bygg skal ha gjort ei vurdering av kor mange menneske lokala er godkjende for.Behov for synfaring?Brannvesenet vil på eige initiativ kunne gjere ei synfaring der arrangementet skal haldast. Du som arrangør kan også be om at vi kjem på synfaring og diskutere brannsikkerheita ved arrangementet. Det er arrangøren som har ansvaret for sikkerheita Sjå rettleiar frå Direktoratet for Samfunnssikkerhet og beredskap (DSB): «Veileder for sikkerhet ved store arrangement». Slik melder du fråMelding til brannvesenet i Fjord om arrangement med eller utan overnatting.Melding til politiet om arrangementMelding til politiet om arrangement på offentleg stad. RegelverkLov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven) § 7 Publisert 28.07.2022 14.41