Eldstad og skorstein

Du må alltid sende melding til kommunen når du installerer eller endrar ein eldstad. Dette gjeld uavhengig av om du må sende byggesøknad eller om det ikkje trengs. 

Melding om installering eller endring av eldstad

Du pliktar å melde frå til kommunen når du innstallerer ein eldstad eller om det blir gjort vesentlege endringar ved allereie eksisterande fyringsanlegg.

Fjerne omn

Det er ikkje formelle krav til å fjerne ein omn, bortsett frå at det skal gjerast på ein fagleg og skikkeleg måte. Kommunen kan gjerne få ei melding om fjerning, men det er ikkje eit krav. Om du berre har ein omn og fjernar den er det lurt å gje beskjed til kommunen på grunn av avgifta.

Montere eldstad

Det er ikkje formelle krav til den som skal montere ein eldstad. Vi vil likevel rå deg til å bruke kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.
Du må alltid gje tilbakemelding til kommunen om montering av eldstad.

Installering eller rehabilitering av skorstein

Innstallering av skorstein er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Ved nybygg er dette normalt ein del av byggesøknaden. 

Du må sende byggjesøknad dersom du skal bygge, rive, endre eller rehabilitere ein skorstein.

Eirin S. Solvang
Brannførebyggar
E-post
Telefon 41 86 79 13