Brannsamarbeid

Bilde av tilsette innan brann og redningsvesen i Fjord og Stranda - Klikk for stort bileteF.v. Eirin, Malin, Inge, Oddbjørn, Stig og Lillian

Fjord og Stranda brann- og redningsvesen har seks lokale stasjonar og nærare 100 brannkonstablar.

Kommunane Fjord og Stranda samarbeider om brann og redningstenester. Samarbeidet inneber koordinering av innsats innan førebyggande arbeid og beredskap. Gruppa som har sine hovudstillingar i brann- og redningsvesenet er fordelt slik:

Leiing

  • Brannsjef Inge Teigen - leiar for førebyggande avdeling
  • Brannmester Stig Tore Rennemo - varabrannsjef og leiar for beredskapsavdelinga

Førebyggande avdeling

  • Brannførebyggar Lillian Aasheim
  • Brannførebyggar Malin Pålsson
  • Brannførebyggar Eirin Slåttelid Solvang
  • Branninspektør Oddbjørn Nilsen

Beredskapsavdeling

  • Brannmester Stig Tore Rennemo
  • Utrykningsleiarar, stasjonsansvarlege og brannkonstablar med deltidsstillingar tilsett ved dei seks brannstasjonane i Stordal, Valldal, Eidsdal, Geiranger, Hellesylt og Stranda. 

Førebyggande arbeid

Innan førebygging så handterer vi alt frå feiing og tilsyn av fyringsanlegg i bustadar og fritidsbustadar, tilsyn ved større verksemder, tilsyn med farleg stoff til førebyggande aktivitetar, kampanjar og anna.

Beredskap

Innan beredskap er fokuset å behalde og utvikle kompetanse, avvikle øvingar og ferdigheitstrening samt teste brannkonstablane innan fysisk og mental kapasitet.

Samarbeid om førebygging og beredskap

Kommunane Fjord og Stranda har klare krav og forventningar til gruppa, som igjen utgjer målet for arbeidet. Vi skal behalde og forbetre det førebyggande arbeidet og oppretthalde ein god beredskap for å ta vare på liv, helse, miljø og materielle verdiar. Brann- og redningsvesenet har etter kvart blir ein svært viktig leverandør av generell sikkerheit i bygdelaga og ein nødvendig ressurs i beredskapssamanheng.

Oddbjørn Nilsen
Branninspektør
E-post
Telefon 41 39 69 79