Fast skjenkeløyve

Når treng du skjenkeløyve?

Har du serveringsløyve frå før og ønsker å skjenke alkohol, må du søke om skjenkeløyve. 

Har du ikkje serveringsbevilling frå før, må du søkja om både serveringsbevilling og skjenkebevilling samtidig. 

Ein skjenkestad må som hovudregel ha serveringsbevilling for å kunne utøve ei skjenkebevilling. Dette betyr imidlertid ikkje at søkjaren må ha serveringsbevilling for å få handsama ein søknad om skjenkebevilling, men skjenkebevillinga kan ikkje takast i bruk før serveringsbevillinga er på plass.

Korleis få skjenkeløyve?

  • Styrar og avløysar må ha bestått kunnskapsprøven for å kunne søke om skjenkeløyve.
  • Det er krav om uklanderleg vandel i høve til alkohollova.
  • Styrar og avløysar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling.
  • Styrar og avløysar må vere over 20 år.

Korleis søke?

Søk om skjenkeløyve på elektronisk søknadsskjema.

Pålogging: MinID eller BankID. Hjelp til å logge på.

Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottekne.

Vedlegg som må følgje søknaden 

  • Firmaattest som ikkje er eldre enn 2 månadar.
  • Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for styrar og avløysar 
  • Leigekontrakt eller skøyte. Ved framleige må du også sende inn løyve til framleige og fremleigekontrakt.
  • Grunneigar sitt løyve til uteservering
  • Teikning av lokalet inne og ute
  • Aksjeselskap må sende aksjeeigarbok, bekrefta av revisor, med eigerandelar oppgitt i prosent
  • Opplysningar om andre eigarforhold, for eksempel eigarar bak aksjeselskap, der driftsselskapet er heilt eller delvis eigd av andre selskap

Kommunen kan i enkelte tilfelle be om ytterlegare dokumentasjon, som for eksempel budsjett og finansieringsplan. Du finn full oversikt over vedlegg i søknadsskjemaet.

Kor lang tid tek det?

Saksbehandlingstida er inntil tre månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og skatte-  og avgiftsmyndigheitene. Behandlingstida kan bli lengre om høyringsinstansane brukar lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjer endringar undervegs i behandlinga av søknaden.

Endring av eksisterande løyve?

Dersom du har ei bevilling og vil gjere endringar i drifta, må du snarast søkja kommuna om dette. Du kan ikkje endre drifta før kommuna har gjort vedtak om endring.

Rapportering

Omsetning skal rapporterast til Fjord kommune ein gong i året på eige skjema.

Retningslinjer og lovverk

Les retningslinjene for sals-og skjenkeløyve i Fjord kommune (PDF, 498 kB)

Alkoholforskrifta

Monika Høydal Lingaas
Rådgjevar
E-post
Telefon 41 86 79 24