Serveringsløyve

For kaféar, konditori, kantiner, gatekjøkken, foodtrucks, bensinstasjonar og andre som skal servere mat og alkoholfri drikke.

Når treng du serveringsløyve?

Planlegg du å starte ein stad der det blir servert mat eller drikke, må du ha serveringsbevilling. I nokre få tilfelle treng du ikkje bevilling.

Korleis få serveringsløyve?

  • Dagleg leiar av staden må ha bestått etablerarprøven for å kunne søke om serveringsløyve. Løyvet blir gitt til selskapet som eig staden.
  • Serveringslova stiller krav om uklanderleg vandel.
  • Lokalet for serveringsstaden må være godkjent av bygningsmyndigheitene til bruk for serveringsverksemd.
  • I nokre tilfelle treng vi ei planteikning over serveringsarealet og ein finansieringsplan. Då tar vi kontakt med deg.
  • Dersom det er eit eigarskifte må du søkja om eige serveringsbevilling seinast 30 dagar etter at du inngjekk avtale om overdraging. Her kan du sjå korleis du endrar eksisterande løyve. 

Elektronisk guide for serveringsbransjen (Altinn)

I den elektroniske guiden til Altinn får du ei oversikt over kva for reglar du må ta omsyn til når du skal starte og drive ein restaurant, kafé/kro, gatekjøkken/fastfood, kantine, catering, nattklubb/pub/bar, matvogn/foodtruck eller marknadsbu.

Mobile vogner og foodtrucks

Dersom du vil drive isbar, foodtruck eller servering av mat frå mobil vogn, må du i tillegg til serveringsbevilling og etablerarprøven ha leigekontrakt, eller skriftleg stadfesting frå grunneigar på at vogna/trucken kan stå på den aktuelle staden. Legg ved skisse som syner oppstillingsplassen.  

Firmaet ditt må også registrerast hos Mattilsynet. Kvittering på at du har sendt melding legg du ved søknaden om serveringsløyve.

Korleis søkje?

Bruk det elektroniske søknadsskjemaet.

Klikk på lenka, logg inn via ID-porten for å opprette søknaden. Du må vere styreleiar, dagleg leiar eller ha fått tildelt rolla «kommunale tenester» i Altinn for å kunne representere selskapet.

Vedlegg til søknad: 

  • Stadfesting på bestått etablerarprøve for styrar/dagleg leiar
  • Firmaattest som ikkje er eldre enn 2 månadar
  • Teikning av lokalet inne og ute
  • Ved overdraging – kopi av kjøpekontrakt, evt. erklæring underteikna av begge partar der dato for overdraging går fram.
  • Dokumentasjon av eigarforhold. For aksjeselskap med revisorattestert utskrift frå selskapet si aksjonærregisterbok.
  • Kopi av leigekontrakt som dokumenterer at det ligg føre eit leigeforhold til lokala der det blir søkt om bevilling, og eventuell utløpsdato for denne.
  • Kopi av avtale som dokumenterer at det ligg føre eit leigeforhold til utearealet der det blir søkt om bevilling, og eventuell utløpsdato for avtalen.
  • Dokumentasjon på dagleg leiar si tilsetting 
  • Nærmare skildring av driftskonseptet (opningstid, målgruppe, m.m.)
  • Midlertidig bruksløyve/ferdigattest frå Plan og miljø som dokumenterer at staden er godkjent til den bruken det blir søkt om.
  • Bekrefting på at verksemda er registrert hos Mattilsynet i henhald til forskrift 22.12.2008 nr. 1623 om næringsmiddelhygiene § 18.

Kor lang tid tek det?

Søknad om serveringsløyve skal behandlast innan 60 dagar. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og skatteetaten. Behandlingstida kan bli lengre dersom høyringsinstansane brukar lang tid, har merknadar til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.

Kva kostar det?

Det er gratis å søke om serveringsløyve.

Lover og reglar

Monika Høydal Lingaas
Rådgjevar
E-post
Telefon 41 86 79 24