Når treng du serveringsløyve?
Planlegg du å starte ein stad der det blir servert mat eller drikke, må du ha serveringsbevilling. I nokre få tilfelle treng du ikkje bevilling.
Korleis få serveringsløyve?
- Dagleg leiar av staden må ha bestått etablerarprøven for å kunne søke om serveringsløyve. Løyvet blir gitt til selskapet som eig staden.
- Serveringslova stiller krav om uklanderleg vandel.
- Lokalet for serveringsstaden må være godkjent av bygningsmyndigheitene til bruk for serveringsverksemd.
- I nokre tilfelle treng vi ei planteikning over serveringsarealet og ein finansieringsplan. Då tar vi kontakt med deg.
- Dersom det er eit eigarskifte må du søkja om eige serveringsbevilling seinast 30 dagar etter at du inngjekk avtale om overdraging.
Elektronisk guide for serveringsbransjen (Altinn)
I den elektroniske guiden til Altinn får du ei oversikt over kva for reglar du må ta omsyn til når du skal starte og drive ein restaurant, kafé/kro, gatekjøkken/fastfood, kantine, catering, nattklubb/pub/bar, matvogn/foodtruck eller marknadsbu.
Mobile vogner og foodtrucks
Dersom du vil drive isbar, foodtruck eller servering av mat frå mobil vogn, må du i tillegg til serveringsbevilling og etablerarprøven ha leigekontrakt, eller skriftleg stadfesting frå grunneigar på at vogna/trucken kan stå på den aktuelle staden. Legg ved skisse som syner oppstillingsplassen.
Firmaet ditt må også registrerast hos Mattilsynet. Kvittering på at du har sendt melding legg du ved søknaden om serveringsløyve.
Korleis søke?
Bruk det elektroniske søknadsskjemaet
Klikk på lenka, logg inn via ID-porten for å opprette søknaden. Du må vere styreleiar, dagleg leiar eller ha fått tildelt rolla «kommunale tenester» i Altinn for å kunne representere selskapet.
Vedlegg til søknad:
- Stadfesting på bestått etablerarprøve for styrar/dagleg leiar
- Firmaattest som ikkje er eldre enn 2 månadar
- Teikning av lokalet inne og ute
- Ved overdraging – kopi av kjøpekontrakt, evt. erklæring underteikna av begge partar der dato for overdraging går fram.
- Dokumentasjon av eigarforhold. For aksjeselskap med revisorattestert utskrift frå selskapet si aksjonærregisterbok.
- Kopi av leigekontrakt som dokumenterer at det ligg føre eit leigeforhold til lokala der det blir søkt om bevilling, og eventuell utløpsdato for denne.
- Kopi av avtale som dokumenterer at det ligg føre eit leigeforhold til utearealet der det blir søkt om bevilling, og eventuell utløpsdato for avtalen.
- Dokumentasjon på dagleg leiar si tilsetting
- Nærmare skildring av driftskonseptet (opningstid, målgruppe, m.m.)
- Midlertidig bruksløyve/ferdigattest frå Plan og miljø som dokumenterer at staden er godkjent til den bruken det blir søkt om.
- Bekrefting på at verksemda er registrert hos Mattilsynet i henhald til forskrift 22.12.2008 nr. 1623 om næringsmiddelhygiene § 18.
Kor lang tid tek det?
Søknad om serveringsløyve skal behandlast innan 60 dagar. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og skatteetaten. Behandlingstida kan bli lengre dersom høyringsinstansane brukar lang tid, har merknadar til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.
Kva kostar det?
Det er gratis å søke om serveringsløyve.
Lover og reglar
Endring av eksisterande løyve
Dersom du har ei bevilling og vil gjere endringar i drifta, må du snarast søkja kommuna om dette. Du kan ikkje endre drifta før kommuna har gjort vedtak om endring.
Du må søkje om endringar dersom:
- Selskapet skiftar eigar eller gjer endringar i eigardelar.
Om det er eit aksjeselskap, må du leggje ved revisorbekrefta aksjeeigarbok.
- Du utvidar arealet inne eller ute:
- For serveringsbevilling:
Du må leggje ved ei skildring av arealet. - For serverings- og skjenkebevilling:
Du må leggje ved planteikning og adkomstdokument, til dømes leigekontrakt eller skøyte. Ved framleige må du også leggje ved løyve til framleige og framleigekontrakt.
- Du har bevilling innandørs, og søkjar om uteservering:
- For serveringbevilling:
Du må leggje ved skildring av arealet - For serverings- og skjenkebevilling:
Du må leggje ved planteikning og adkomstdokument.
- Du søkjar om utvida tid inne og ute:
Ingen krav til dokumentasjon. (Utvida tid betyr opningstid for ein serveringsstad som ikkje skjenker alkohol. For ein stad som skjenker alkohol betyr det både opnings- og skjenketid. Skjenkinga skal alltid slutte ein halvtime før staden stenger, slik at gjestene får drukke ut. Utvida tid kan gjelde inne, ute eller både inne og ute). - Staden har fått ny dagleg leiar for ei serveringsbevilling:
Du må leggje ved stadfesting på at ny dagleg leiar har bestått etablerarprøven. - Staden har fått ny styrar:
- For sals- og skjenkebevilling:
Du må leggje ved stadfesting på at ny styrar har bestått kunnskapsprøven. - Er den nye styraren ved ein skjenkestad også ny dagleg leiar for serveringsbevillinga ved staden, må det også leggast ved stadfesting på bestått etablerarprøve.
- Staden har fått ny vikar for styrar:
- For sals- og skjenkebevilling:
Du må leggje ved stadfesting på at ny vikar for styrar har bestått kunnskapsprøven
Om du endrar selskapsform (for eksempel frå ENK til AS eller fra NUF til AS) blir det rekna som ei verksemdsoverdraging. Det gjeld sjølv om det er dei same personane som står bak verksemda etter endringane. Då må du søkje om ny serverings-, sals- eller skjenkebevilling.