Du må søke om endringar dersom:
Selskapet skiftar eigar eller gjer endringar i eigardelar.
Om det er eit aksjeselskap, må du legge ved revisorbekrefta aksjeeigarbok.
Du utvidar arealet inne eller ute
- For serveringsløyve: Legg ved ei skildring av arealet.
- For serverings- og skjenkeløyve: Legg ved planteikning og tilkomstdokument, til dømes leigekontrakt eller skøyte. Ved framleige må du også legge ved løyve til framleige og framleigekontrakt.
- For salsløyve: Legg ved skildring av arealet og tilkomstdokument, til dømes leigekontrakt eller skøyte. Ved framleige må du legge ved løyve til framleige og framleigekontrakt
Du har løyve innandørs, og søker om uteservering
- For serveringløyve: Legg ved skildring av arealet
- For serverings- og skjenkebevilling: Legg ved planteikning og tilkomstdokument.
Du ønskjer utvida tid inne og ute
Ingen krav til dokumentasjon. (Utvida tid betyr opningstid for ein serveringsstad som ikkje skjenker alkohol. For ein stad som skjenker alkohol betyr det både opnings- og skjenketid. Skjenkinga skal alltid slutte ein halvtime før staden stenger, slik at gjestene får drukke ut. Utvida tid kan gjelde inne, ute eller både inne og ute).
Staden har fått ny dagleg leiar for eit serveringsløyve
Du må legge ved stadfesting på at ny dagleg leiar har bestått etablerarprøva.
Staden har fått ny styrar
- For sals- og skjenkeløyve: Legg ved stadfesting på at ny styrar har bestått kunnskapsprøva.
- Er den nye styraren ved ein skjenkestad også ny dagleg leiar for serveringsløyvet ved staden, må det også leggast ved stadfesting på bestått etablerarprøve.
Staden har fått ny vikar for styrar
- For sals- og skjenkeløyve: Legg ved stadfesting på at ny vikar for styrar har bestått kunnskapsprøva
- Om du endrar selskapsform (til dømes frå ENK til AS eller frå NUF til AS) blir det rekna som ei verksemdsoverdraging. Det gjeld sjølv om det er dei same personane som står bak verksemda etter endringane. Då må du søkje om ny serverings-, sals- eller skjenkeløyve.
Utviding av det eksisterande løyvet for eit enkelt høve
Kommunen kan for eit enkelt høve tillate at skjenkeløyvet vert utvida til å omfatte eit større areal enn det bestemte skjenkearealet som løyvet gjeld for.
Vidare kan løyvet verte utvida til også å gjelde eit areal utanfor skjenkestaden, eller i andre lokale. Eit døme på dette kan vere at skjenkestaden får utvida løyvet sitt for å kunne skjenke på eit marknadsarrangement, ein festival eller liknande.
Skjenkestaden kan nytte sitt varelager og sine tilsette ved slike utvidingar. Det er løyvehavar som er ansvarleg for utøvinga av løyvet under arrangementet.
Dersom det vert avdekt brot i samband med eit utvida løyve for eit enkelt bestemt høve, vil dette kunne få konsekvensar for det ordinære løyvet. Løyvehavar kan få prikkar knytt til det ordinære løyvet for brot avdekt under arrangement der løyvet var utvida for eit enkelt bestemt høve.