Registrering og avregistrering i tobakkssalsregisteret
- Alle som selg tobakksvarer må registrere seg i tobakkssalgsregisteret til Helsedirektoratet. Det gjeld også dei som sel e-sigarettar, gjenoppfyllingsbehalderar, urtebaserte røykeprodukt og andre tobakkssurrogat.
- Salsstaden har sjølv ansvar for å oppdatere opplysningane i registeret.
- Viss du skal slutte å selgje tobakksvarer må du avregistrere deg i tobakkssalgsregisteret. Dette gjeld også midlertidige salsstader.
Les om korleis du registerer og avregistrerer tobakssal hos Helsedirektoratet.
Internkontroll for stader som sel tobakk
Alle salsstader for tobakk må ha eit internkontrollsystem, som skal kunne visast fram på kvart tilsynsbesøk. Internkontrollen skal gi dei tilsette tilstrekkeleg kunnskap om regelverket, og medverke til forsvarleg drift. Det er spesielt viktig å ha rutinar for å forebygge sal av tobakksvarer og e-sigarettar til mindreårige. Det er også viktig å følgja opp og forbetre rutinar og tiltak, som ikkje verkar.
Internkontrollen inneber at dei ansvarlege på salsstaden skal:
- ha oversikt over lovverket
- gi dei tilsette opplæring i regelverket og eigne rutinar på salsstaden
- ha oversikt over korleis oppgåver og ansvar er fordelt
- kartlegge utfordringar (ROS-analyse)
- ha rutinar for å sikre at regelverket vert halde
- ha rutinar for å forebygge, avdekke og rette opp avvik
- gjennomgå internkontrollen regelmessig
Eksempel på ein internkontroll som kan lastast ned og fyllast ut (ODT)
Eksempel på ein internkontroll som kan lastast ned og fyllast ut (PDF)
Les meir om internkontroll på salsstader for tobakk her
Tilsyn av tobakkssal
Kommunen kontrollerer at stader som sel tobakksvarer overheld følgjande bestemmelsar i tobakkskadeloven:
- Sal av tobakksvarer (aldersgrense, sjølvbetening, gratisutdeling og rabatt)
- Reklameforbodet (inkl. sponsing og oppstillingsforbodet)
- Krav til merking og utforming av tobakksvarer (standardiserte pakningar, helseadvarslar, minstestorleik)
- Forbod mot sal av tobakksvarer/-surrogat som ikkje er lovleg importert eller kjøpt frå registrert grossist
- Sal i strid med salsforbod
- Krav til internkontroll
- Forbod mot enkelte produktkategoriar
Fleire av bestemmelsane gjeld både tobakksvarer og tobakkssurrogatar.
Tilsynsavgift
Alle salsstader for tobakk må kvart år betale inn tilsynsavgift til kommunen.
Sjå gjeldande avgiftssats i tobakksforskriften § 33 Tilsynsavgift for salgssteder
Brot på tobakksskadelovgivinga
Brot på regelverket kan føre til ulike reaksjonar:
- krav om retting av det ulovlege tilhøvet
- salsforbod i ein periode
- tvangsmulkt
Retningslinjer og lover
Tobakksskadeloven
Tobakksalgsforskriften