Helikopterflyging med underhengande last (longline)

Dersom ein skal frakte materiell/utstyr med helikopter med underhengande last, og ein nyttar longline til lasting og lossing kjem dette ikkje inn under regelverket for motorferdsel i utmark. Bruk av helikopter med longline er difor heller ikkje søknadspliktig til kommunen.

Dersom helikopteret skal lande på bakken i utmark krevst det løyve frå kommunen, då skal ein søke gjennom kommunen sitt søknadsskjema.

NB: Merk at skal ein inn i verneområde kan det vere eigne reglar for flyging der. Ein må i desse tilfella kontakte vernemyndigheitene for å få kunnskap om kva reglar som gjeld i området, og  om det må søkjast om løyve til å nytte helikopter med longline. Kart over verneområde finn ein på Miljødirektoratet sine heimesider.

Høgsterett dom ved bruk av longline