Påkjørsel av vilt og fallvilt

Ved alle påkøyrsler der det har vore kontakt mellom køyretøy og hjortevilt, rev eller grevling er det påbode å varsle politiet på telefon 02800.

Når ulykka er ute skal du

  1. Ta på deg refleksvesten som ligg i bilen og sikre ulykkesstaden.
  2. Ved personskade gje førstehjelp/ ring 113 om nødvendig.
  3. Ring politiet på tlf. 02800 og meld frå om påkjørselen.
  4. Merk ulykkesstaden nøyaktig der dyret vart påkjørt med eit viltband, plastpose, refleksvekst, eller liknande.
  5. Ved skade på bil, meld i frå til forsikringsselskapet ditt

 

Viktig!

  • Ikkje forsøk å avlive eit skada dyr
    Det skal gjerast av trena ettersøkspersonell.
  • Ikkje følg etter eit skada dyr
    Det vil gjere arbeidet for ettersøkshunden vanskeleg og redusere sjansen for å få avliva det.
  • Ha alltid viltband i bilen
    I Fjord kommune kan du få dette på rådhuset i Valldal og på kommunehuset i Stordal.
  • Ikkje ta med deg påkøyrt vilt
    Det vil medføre mykje ekstra ressursbruk med leting for dei som er kalla ut for å hente dyret.

Kva skjer så?

  1. Dersom dyret er i live vil politiet varsle ein av dei kommunale ettersøksjegerane som rykker ut til staden.
    Dersom dyret er ligg ved ein riks- eller fylkesveg og er dødt på staden vil ikkje kommunen verte kontakta av politiet, då er dette Statens vegvesen sitt ansvar.
  2. Ettersøksjegeren ringer til deg og spør om informasjon om hending, påkjørselsted, mm.
    Det er derfor viktig at du er tilgjengeleg på telefon etter hendinga.  
Hilde Dyrkorn
E-post
Telefon 95 25 62 01