Idrettshallen er mykje i bruk veka igjennom – fotball, taekwondo, styrketrening, badminton, frisbeegolf, drilløving, dame- og herretrim. Med 3 salar fekk vi plutselig andre forutsetningar for å drive med idrett gjennom heile året.
I tillegg til faste treningar gjennom året, blir hallen òg nytta til futsalturneringar, grendacupar av ulike slag, gradering for taekwondo, korpsstemne, treningssamlingar, konsertar, overnatting, marknader, messer, samt stadig fleire kommunale arrangement.
Mange sponsorar har kome på plass på veggane i idrettshallen, men vi har plass til endå fleire. Vi vil gjerne ha DEG og di bedrift med på laget!
Hallreklamen kostar 3.000 kr eks. mva per meter per år. Standardhøgde 1 meter. Avtaleperiode 2, 3 eller 5 år. Sponsor betalar sjølv kostnaden for produksjon av reklameskilt, om ein ikkje har skilt frå før. Leverandør Fluor-Lux i Stryn kan gje ein pris per meter på 950 kr eks. mva. Vi koordinerer arbeidet med bestilling.