Om Fjord kulturskule
Kulturskulen er eit tilbod i tillegg til den ordinære skulen. I Fjord kulturskule kan elevane få undervisning innan fagområda musikk, dans og visuell kunst. Alle som ønskjer elevplass i kulturskulen må søke om plass via elektronisk søknadsskjema.
Kulturskulen er ikkje omfatta av prinisppet om «gratis skule for alle». Dei som får tildelt elevplass i kulturskulen må difor betale ein eigenandel for tilbodet.
Det er ikkje aldersgrense for tilbod i kulturskulen. Målgruppa vår er alle innbyggjarar i alderen 0-100 år, men barn og unge i skulealder vert prioritert. Vi prioriterer også elevar med særskilde behov uavhengig av alder og elevar/aspirantar på korpsinstrument.
Kulturskulen har om lag 100 elevplassar. Undervisninga er lagt til ulike lokale i Stordal, Valldal og Eidsdal.
Vi ønskjer å tilby tenester til andre grupper og kan vere ein samarbeidspartnar for lag og organisasjonar i kommunen.
Fjord kulturskule har som mål å vere eit musikkpedagogisk ressurssenter i kommunen.
Kulturskuletilbod er lovpålagt
Det er lovpålagt for alle kommunar å tilby kulturskuletenester til innbyggjarane, jf. opplæringslova § 26. Formålet med kulturskuleopplæring er at: «Kulturskolen skal leggje til rette for at elevane får delta i ulike aktivitetar der dei får lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk, i eit trygt og godt skolemiljø.»
Kulturskulerektor har det faglege og administrative ansvaret for drifta av kulturskulane.
Meir informasjon om kulturskulen i Noreg kan de lese på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.
Generell informasjon er tilgjengleg på fleire språk.