Korleis søke plass
Du søker plass via elektronisk søknadsskjema. Ved å følgje lenka nedanfor finn du også meir informasjon om dei ulike undervisningstilboda våre.
Elevar som allereie har plass i kulturskulen må søkje på nytt (re-registrere seg) for å behalde plassen til neste skuleår. Dei det gjeld får informasjon om re-registreringa i forkant av den ordinære søknadsfristen.
Kva kostar det?
Betalingssatsane til Fjord kulturskule.
Friplass
Frå 1.januar 2025 er det innført ei ordning med friplassar for låginntekstfamiliar.
For å søke friplass må familien registrere søknad om friplass via søknadsskjemet til kulturskulen (SpeedAdmin). Eksisterande elevar kan søke om friplass ved å kontakte kulturskulen. Søkarar om friplass må kunne dokumentere inntektsnivå ved å sende inn siste års skatteoppgjer eller tilsvarande dokumentasjon frå det offentlege.
Kven kan søke om friplass
Når hushaldet si samla inntekt etter skatt er lågare enn fire gongar grunnbeløpet i folketrygda (4G), gjeldande frå inneverande år. Kvar familie kan maksimalt søke om friplass frå ei elevavgift per barn. Familiar med fleire barn i kulturskulen skal berre sende ein søknad. I søknaden må det spesifiserast kva for eit barn ein ønskjer å søke om friplass for. Det må søkast om friplass kvart skuleår og tildelinga av friplass gjeld for det skuleåret friplass er innvilga. Om den økonomiske situasjonen endrar seg i løpet av tildelingsperioden er familien pliktig til å informere kulturskulen om dette.
Andre friplassordningar
Skulekorpsa i kommunen betaler elevavgift for dei som ønskjer å verte aspirantar og lære eit korpsinstrument. Korpsa i Valldal og Stordal betalar elevavgifta for aspirantar dei to første åra. Skulekorpset i Eidsdal betalar elevavgifta det første året. Elevar som ønskjer å fortsette opplæring med lærar etter dei første åra må betale dette sjølve. Korpsa låner/leiger ut instrument til medlemmer og aspirantar.
Valldal Spelemannslag har innført ei ordning der dei betaler elevavgifta for kulturskuleelevar som melder seg inn i spelemannslaget. Ordninga er ei prøveordning.
Retningslinjer
Retningslinjer for Fjord kulturskule 2025-2027 (PDF, 202 kB)