Gratis utlån av friluftsutstyr

IFA Stordal skule

Fjord kommune har ein utstyrsbase for aktivitetar i friluft. Det er gratis utlån. Basen er lokalisert i Stordal. Ta kontakt måndag - fredag kl. 08-16 for å avtale tidspunkt for ut- og innlevering. Vi kan hjelpe til med transport av utstyr til Valldal og Eidsdal.

Utstyrsbasen består av:

20 par smørefrie ski (ski, sko, stavar)
5 par felleski (ski, sko, stavar)
18 par skøyter
15 stk hockeyhjelmar
9 par truger (2 par juniortruger)
7 par teleskopstavar (til truger)
10 stk rattkjelkar
10 stk syklar
14 stk sykkelhjelmar
2 stk sykkelvogner
40 stk våtdrakter (for barn og vaksen)
15 stk redningsvestar
15 stk fiskestenger
2 stk beremeisar
5 stk tursekkar 65 L
2 stk barnevogner for terreng
2 stk hengekøyer, tarp og myggnetting
2 stk isfiskebor
1 stk barnepulk – komplett med varmepose
3 stk bilstolar og 1 stk bilpute (ny i 2021)
1 stk «Sit-on-top» kajakk
3 stk «lette» lavvoar

Utstyret har ulike storleikar td. sko og skøyter str. 28-48, redningsvestar frå 5 kg - 90+ kg, syklar frå 20” og oppover. 
Basen ligg like ved kommunehuset i Stordal.

Utstyrsbasen er oppretta ved hjelp av midlar frå Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (BUFDIR), Sparebanken Møre og Stordal helselag.

I tillegg har kommunen utstyrspakke frå friluftsrådet som inkluderer 2 bålpanner, 2 kraftige lavvoar, taubruer m.m. Dette utstyret er plassert på rådhuset i Valldal og på Stordal skule og lag og organisasjonar kan låne det etter avtale. 

Kontakt frivilligsentralen ved Bjørg for informasjon og avtale, tlf. 418 67 836.

Sjå reglar for utlån (PDF, 149 kB).

 

IFA Stordal skule

   

IFA Stordal skule

 

  

Bjørg Jacobsen
Frivilligsentralen/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64