Sommarles

 Bli med på biblioteka sin lesekampanje for barn.

Sommarles

  • Sommarles er ein nettbasert lesekampanje for barn på 1. til 7. trinn.
  • Det er om å gjere å lese mest muleg i løpet av juni, juli og august, og registrere det ein les på nettsida.
  • Det er gratis å delta på Sommarles, og barna samlar digitale trofe og gjer seg fortent til små premiar som dei hentar på biblioteket.
  • Ein kan også følge med på sommarles-fortelling, som er spesialskriven for kvart år, og der ein får tilgang til eit nytt kapittel kvar veke.
  • Målet er å motivere barna til å lese av eigen lyst. Det skal vare gøy for barna å lese, også for dei som ikkje er så gode fritidslesarar i utgangspunktet. Det viser seg at barn som deltek på Sommarles opprettheld leseferdigheitene sine bedre gjennom den lange sommerferien, og stiller litt sterkare på skulen til hausten.
  • Lytting til lydbøker og høgtlesing tel også. Spør gjerne på biblioteket etter bøker å låne.