Sommarles

Bli med på Noregs største og kulaste lesekampanje!

Sommarles for elevar i 1.-7. klasse 

Sommarles er ein nettbasert lesekampanje for elevar i 1. til 7. klasse. Les så mykje du klarer i løpet av juni, juli og august.

  • Opprett ein profil og registrer alt du les der.
  • Du samlar digitale trofe og får premiar som du hentar på biblioteket.
  • Det er også ei sommarles-fortelling som er spesialskriven for kvart år. Det kjem eit nytt kapittel kvar veke.
  • Lytting til lydbøker og høgtlesing tel også. Spør gjerne på biblioteket etter bøker å låne.
  • Det er gratis å delta på Sommarles.
     

Sommarles - Noregs største og kulaste lesekampanje


Målet er å motivere barna til å lese av eiga lyst. Det skal vare gøy for barna å lese, også for dei som ikkje er så gode fritidslesarar i utgangspunktet. Det viser seg at barn som deltek på Sommarles opprettheld leseferdigheitene sine gjennom den lange sommerferien og stiller litt sterkare på skulen til hausten.