Psykisk helse- og rusteneste

Kva tilbyr vi

Psykisk helse- og rustenester tilbyr hjelp til personar som har psykiske helseplager eller strevar med bruk av rusmiddel. Tenesta har som mål å fremje brukarmedverknad og støtte den enkelte sitt ansvar for sitt eige liv. Tilbodet er individuelt tilpassa og avhengig av dine behov. Dette kan vere:

  • Endringsfokuserte samtalar
  • individuell terapi
  • samarbeid med fastlege og andre instansar
  • Individuell plan, ansvarsgruppe og hjelp til å finne rett tenest
  • Tilvising til spesialisthelsetenesta (t.d. DPS)
  • Nettverksarbeid/samarbeid med pårørande og andre nære

Korleis få tilbodet?

Tilvising frå t.d. fastlege, sjukehus, poliklinikk, ambulante team, kriseteam og liknande. Ein kan også ta direkte kontakt for avklarings-/vurderingssamtalar.

Elektronisk kartlegging med Norse

Etter første førespurnad vil vi sende deg ein SMS med lenke til eit elektronisk kartleggingsskjema for utfylling. Vi bruker Norse-kartlegging for å gje deg ei sterkare stemme og eit større eigarskap til behandlinga. Les meir om Norse-kartlegging her:

Norse er like trygt som helsejournalen din. Det er frivillig å fylle ut skjemaet.

Kva kostar det?

Psykisk helseteneste er gratis.

Tenesta er tilgjengeleg på dagtid måndag til fredag. 

Kristian Dirdal
Kommunepsykolog
Telefon 41 86 79 48
Portrett - Klikk for stort bilete
Karoline Opsjøn Andreassen
Familieterapeut
Telefon 41 86 79 64
Vilma Lygnugariene
Fagterapeut psykisk helse
Telefon 41 86 79 35
Inga Janonyte
Fagterapeut psykisk helse
Telefon 41 86 79 34