Langtidsopphald

Sjukeheimen skal vere ein varig heim for sjuke og eldre med svekka helse, redusert førlegheit og eit omfattande hjelpebehov.

Kriterium for tildeling

  • Søkar sitt totale omsorgsbehov er slik at søkar, heimetenesta og/eller nettverket rundt søkar ikkje lenger er i stand til å ta hand om vedkomande på ein forsvarleg måte i heimen
  • Søkar har behov for pleie  og omsorg ved livets slutt
  • I utgangspunktet skal andre tiltak vere prøvd før langtidsopphald vert tildelt.

Kva kan du forvente av oss

  • Kommunen innhentar dei opplysningane som er naudsynt. Det vert fatta eit vedtak og vedtaket er grunngjeve.
  • Vi gir tenester slik det kjem fram i vedtaket med det innhald som er skildra.
  • Vi planlegg og set i verk tenester i samarbeid med brukar og pårørande
  • Dersom brukaren ikkje er i stand til å ta vare på eigen økonomi, jf. legeerklæring, overtek institusjonen ansvaret for forvaltninga av bebuaren sin lommepengedel av folketrygda. Etter fullmakt kan institusjonen i enkelte tilfelle delegere dette til pårørende/hjelpeverje.

Søk om langtidsopphald

Kva skjer vidare

Søknaden vil bli behandla utan ugrunna opphald, jf. forvaltningslova § 11 a. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad frå mottatt søknad, vil du få eit førebels svar med informasjon om vidare saksbehandling.

Betaling for tenesta

Vederlag for opphaldet vert krevd inn, jf. « Forskrift for vederlag for opphald i institusjon» jf. «Lov om kommunale helse – og omsorgstjenester» § 11-2.

Reise til og frå opphald vert dekt av pasientreiser ved søknad.

Lovgrunnlag

Lov om kommunale helse – og omsorgstjenester § 3-2 punkt 6, bokstav c.

Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstenesta

Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester - Lovdata

Pasient- og brukerrettighetsloven

Hilde Christin Rognsø Furstrand
Saksbehandlar - forvaltningskontoret
Telefon 41 86 78 00
Elisabeth Midtbust
Saksbehandlar - forvaltningskontoret
Telefon 41 86 78 00