Omsorgsbustad

Omsorgsbustad er ein fellesbetegnelse på bustader som er tilrettelagt for helse- og omsorgstenester utanfor institusjon. Bustadane er fysisk lag til rette, slik at den som bur der skal  kunne motta heildøgns helse- og omsorgstenester.

 

Det er brukar sin eigen heim. Ein tek i mot kommunale pleie- og omsorgstenester etter behov og gjeldande vedtak. Dette er ikkje særskild regulert i lovverk, men regulert etter husleigelova.

Korleis få tilbodet?

Elektronisk søknadsskjema
Søknadsskjema for utskrift (pdf)

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema, eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på, kan du ta kontakt med open omsorg.

Søknadar vert behandla fortløpande, og om du ikkje får endeleg svar på søknaden innan tre veker skal du motta eit svar på om lag kor lang behandlingstid ein forventar før vedtaket er klart.

Kriteriar for tildeling

  • Søkjar har eit behov for tilrettelagd bustad og  har ein funksjonsvikt der tildeling av omsorgsbustad kan verke førebyggande
  • Søkjar har ein helsesvikt og/eller er fysisk funksjonsnedsetting der noverande bustad er lite funksjonell. Andre tenester som heimesjukepleie, heimehjelp og tryggleiksalarm bør vere prøvd ut .
  • Bustad til søkjar kan påføre ny – eller vidareutvikle ein allereie eksisterande helsesvikt.
  • Bustaden gir lite rom for/avgrensa moglegheit for utnytting av eigenomsorgsressursar.
  • Bustaden gir avgrensa moglegheit for mobilisering av brukaren.
  • Bustaden er lite eigna  for tilrettelegging av tekniske hjelpemidlar/innretningar.
  • Bustadsituasjonen aukar omsorgsbehovet og dermed overforbruk av personalressursar.
  • Bustadsituasjonen gjev vanskelege arbeidsforhold for helsepersonell.
  • Søkjar har behov for tilrettelagt bustad i forhold til funksjonsnesetting, slik at søkjar kan oppretthalde evna til sjølvhjelp og dermed ha mindre behov for hjelp.
  • Betaling etter gjeldande satsar, ein betalar ein månad etter oppseiing
  • Ein treng ikkje halde seg med sengetøy og handdukar, dette leiger ein gjennom bustaden. ( Gjeld ikkje Elvetun )

Kommunen er pålagt å medverke til bustadar med særleg tilpassing og hjelpe/vernetiltak, i samsvar med lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-7. Tildeling føreset ledig bustad eller ledig frå eit gitt tidspunkt som kjem fram i vedtaket.

Bustøtte

Du kan søke om bustøtte. Inntekt og formue, samt husleige avgjer om du har rett på slik støtte.

Leigesatsar

Sjå prisane her.

Lovgrunnlag

Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester - Lovdata

Heimesjukepleien i Stordal
Telefon 41 86 79 62
Vaktrom heimeteneste Valldal
Telefon 41 86 79 82
Vakttelefon heimeteneste Eidsdal
Telefon 41 86 79 83