Ein omsorgsbustad er brukar sin eigen heim. Kommunale pleie- og omsorgstenester vert tatt imot etter behov og gjeldande vedtak. Dette er ikkje særskilt regulert i lovverk, men det er regulert etter husleigelova.
Kriterium for tildeling
- Søkar har eit behov for tilrettelagd bustad og har ein funksjonsvikt der tildeling av omsorgsbustad kan verke førebyggande
- Søkar har ein helsesvikt og/eller er ei fysisk funksjonsnedsetting der noverande bustad er lite funksjonell. Andre tenester som heimesjukepleie, heimehjelp og tryggleiksalarm bør vere prøvd ut .
- Noverande bustad til søkar kan påføre ny – eller vidareutvikle ein allereie eksisterande helsesvikt.
- Noverande bustad gir lite rom for/avgrensa moglegheit for utnytting av eigenomsorgsressursar.
- Noverande bustad gir avgrensa moglegheit for mobilisering av brukaren.
- Noverande bustad er lite eigna for tilrettelegging av tekniske hjelpemidlar/innretningar.
- Noverande bustadsituasjonen aukar omsorgsbehovet og dermed overforbruk av personalressursar.
- Noverande bustadsituasjonen gir vanskelege arbeidsforhold for helsepersonell.
- Søkar har behov for tilrettelagt bustad i forhold til funksjonsnesetting, slik at søkar kan oppretthalde evna til sjølvhjelp og dermed ha mindre behov for hjelp.
- Betaling etter gjeldande satsar, ein betalar ein månad etter oppseiing
- Sengetøy og handdukar kan leigast gjennom bustaden. (Gjeld ikkje Elvetun )
Kommunen er pålagt å medverke til bustadar med særleg tilpassing og hjelpe/vernetiltak, i samsvar med lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-7. Tildeling føreset ledig bustad eller ledig frå eit gitt tidspunkt som kjem fram i vedtaket.
Søk om omsorgsbustad
Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema, eller råd om kva tenester du bør søke på, kan du ta kontakt med tenestekontoret.
Kva skjer vidare?
Søknaden vil bli behandla utan ugrunna opphald, jf. forvaltningslova § 11 a. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad frå mottatt søknad, vil du få eit førebels svar med informasjon om vidare saksbehandling.
Bustøtte
Du kan søke om bustøtte frå Husbanken
Inntekt, formue og husleigeutgifter avgjer om du har rett på slik støtte.
Leigesatsar
Betalingssatsar om omsorgsbustadar i Fjord kommune.
Lovgrunnlag
Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester - Lovdata