Dagtilbod for den med demens

Dagtilbod for den med demens

Om tenesta

Eit tilbod til deg som bur heime og har behov for tilrettelegging eller hjelp for å kome deg ut og treffe andre. Lokalet er tilrettelagt og ligger i underetasjen på Stordalstunet. På Dagsenteret kan du ta del i aktivitetar og få eit sosialt fellesskap. Tilbodet er åpent på dagtid, torsdag.  Det er stengt julaften og nyttårsaften, og på alle offentlige fridagar. Du må søke på tenesta og det vert gitt eit vedtak. Du kan søke om plass ved å sende søknaden til: Fjord kommune,
Pb. 144, 6211Valldal. Søknadsskjema

Målsetting

Målet med tilbodet er at brukar skal oppleve miljøskifte, meistring og fellesskap. Dagsenteret skal bidra til å opprettholde funksjonsnivå for å kunne meistre å bu heime, samt avlaste pårørende.

Tenesta omfatter:

  • Transport til og frå Dagsenteret (brukar/pårørande kan velje om dei vil ordne skyss til dagtilbodet, eller bli bringa og henta av personalet.
  • Eit eller fleire måltid
  • Deltaking i sosiale, fysiske og kulturelle aktivitetar (Du vel sjølv kva du vil delta på)
  • Tur i lag med andre på Dagsenteret i lokalmiljøet

Vurderingar for å få plass på dagsenteret:

  • Søkaren har behov for ulike aktivitetar for å ivareta fysisk og psykisk helse
  • Søkeren kan ha behov for sosialt samvær og tryggheit
  • Søkeren kan ha behov for oppfølging med hensyn til kost/ernæring
  • Søkeren kan ha behov for nettverksbygging
  • Pårørande til søkaren har behov for støtte/avlastning

Eigenbetaling

Du må betale ein eigenandel etter gjeldande satsar. Eigenandelen dekker transport og mat. Betalinga skjer ved at du mottek ein giro frå kommunen ein gong i månaden.

 

 

Dagsenter
Mobil 418 67 967

Åpningstider

Torsdagar kl 10. - 15.